Arve Kambe
norsk politikar
Arve Kambe (fødd 25. november 1974 i Haugesund) er ein norsk politikar frå Høgre. Han vart vald inn på Stortinget frå Rogaland i 2009. Han er cand.mag. med rettsvitskap grunnfag, mellomfag historie, mellomfag samanliknande politikk, og har fullført tre eksamenar i hovudfag samanliknande politikk. Han har jobba som marknadssjef i Trygge Barnehager.
Arve Kambe | |||
| |||
Fødd | 25. november 1974 (50 år) Haugesund kommune | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre | ||
Yrke | politikar, forretningsdrivande | ||
Ektefelle | Birgit Amalie Nilssen, Veronica Garcia Kambe | ||
Alle verv |
|
Han var bystyremedlem i Haugesund kommune 1995–2009, formannskapsmedlem frå 2001, og gruppeleiar frå 2003. Han var også fylkestingsmedlem frå 1999 til 2003. Kambe var nestleiar i Unge Høgre frå 1998 til 2000. I 2009 var han Rogaland Høgres 3. kandidat til Stortinget, og vart vald inn saman med Bent Høie og Siri A. Meling.
Stortingskomitear
endre- 2009–2013: Medlem i Finanskomiteen
Bakgrunnsstoff
endre- Arve Kambe hos Stortinget
- Arve Kambe Arkivert 2009-08-13 ved Wayback Machine. hos Rogaland Høgre
- Arve Kambe hos TV 2