Holmenkollbakken er ein hoppbakke som ligg i Holmenkollen nasjonalanlegg i Oslo. Bakken er eit landemerke i Oslo, Noregs mest besøkte turistattraksjon, og er truleg verdas mest kjende hoppbakke. Med historie att til 1892 er den også ein av verdas eldste hoppbakkar som framleis er i bruk. Etter siste ombygging har Holmenkollbakken K-punkt på 120 meter og bakkestorleik 134 meter. Den blei brukt under OL i 1952, VM i 1930, 1966, 1982 og 2011, og blir også årleg brukt i verdscupen i spesialhopp og kombinert.

Holmenkollbakken

Kart
Holmenkollbakken
59°57′50″N 10°40′04″E / 59.963888888889°N 10.667777777778°E / 59.963888888889; 10.667777777778
Holmenkollbakken i 2010.
Holmenkollen og Midtstubakkane i 2015.

Bakkerekorden er 141 meter, sett av Andreas Kofler frå Austerrike, 5. mars 2011. Anders Jacobsen hoppet 142,5 meter under NM stor bakke 8. februar 2011.

Holmenkollbakken er blitt ombygd til saman 19 gongar, siste gong før Ski-VM 2011. Sommaren 2011 får bakken plastmatter, slik at den også skal kunne bli brukt i sommarhalvåret. Dagens Holmenkollbakke er teikna av det belgisk-danske arkitektfirmaet JDS Architects, og eigd av Oslo kommune.

Bakkerekordar

endre
Dato Namn Lengd
31. januar 1892   Arne Ustvedt 21,5 m
30. januar 1893   Ingemann Sverre 22 m
1893   Jonas Holmen 22,5 m
1893   Iver Dahl 23 m
24. februar 1896   Kristian Tandberg 24 m
1896   Cato Aall 24,5 m
1897   Eivind Roll 25 m
1897   Morten Hansen 25,5 m
3. februar 1902   Reidar Gjølme 29,5 m
1. mars 1909   Leif Berg 31 m
6. mars 1911   Tore Viker 33 m
1914   Paul Braathen 33,5 m
1914   Johs. Thomassen 34 m
2. mars 1914   Ole Grimsby 35 m
1917   Gregorius Gravlid 35,5 m
1917   Hans Olsen Oset 36 m
26. februar 1917   Inge Roll 37,5 m
1918   Ivar S. Dahl 38 m
25. februar 1918   Josef Henriksen 42 m
27. februar 1922   Narve Bonna 43,5 m
27. februar 1922   Jacob Tullin Thams 46 m
1928   Harald Sørensen 47 m
1928   Hans Vinjarengen 47,5 m
4. mars 1928   Alf Andersen 48 m
1929   Roar Hellum 48,5 m
1929   Bjarne Rosén 49,5 m
3. mars 1929   Arvid Smedsrud 50 m
1930   Olav Ulland 50,5 m
1930   Knut Kobberstad 51 m
2. mars 1930   Reidar Andersen 52 m
6. mars 1938   Trygve Gundersen 54,5 m
1939   Harry Lagert 55 m
1939   Thorstein Skinnarland 57 m
1939   Magnar Fosseide 58 m
1939   Ole Jansen 58 m
1939   Tore Fossbekk 59 m
1939   Einar Burdal 59,5 m
5. mars 1939   Sven Selånger 62 m
Dato Namn Lengd
1940   Reidar Karlsen 65,5 m
1940   Sigurd Haanes 66 m
1940   Jens Østby 68 m
1940   Kolbjørn Skjæveland 68,5 m
1947   Olav Stavik 70 m
2. mars 1947   Hans Kaarstein 71 m
8. mars 1959   Otto Leodolter 71,5 m
7. januar 1962   Tom Kristensen 71,5 m
1962   Tormod Knutsen 73,5 m
1962   Yosuke Eto 78 m
1962   Toralf Engan 78,5 m
18. mars 1962   Toralf Engan 80,5 m
1963   Gene Kotlarek 82,5 m
17. mars 1963   Torbjørn Yggeseth 84,5 m
1964   Veikko Kankkonen 85 m
15. mars 1964   Veikko Kankkonen 87 m
14. mars 1965   Lars Grini 89 m
16. mars 1968   Gjert Andersen 89,5 m
17. mars 1968   Bjørn Wirkola 91 m
16. mars 1969   Topi Mattila 92 m
1976   Per Bergerud 92,5 m
14. mars 1976   Karl Schnabl 96,5 m
13. mars 1977   Thomas Meisinger 98,5 m
16. mars 1980   Tom Levorstad 105 m
1980   Ole Bremseth 108,5 m
15. mars 1981   Primož Ulaga 109,5 m
16. mars 1985   Heiko Hunger 110,5 m
1992   Jon Inge Kjørum 113,5 m
1993   Steinar Solhaug 114,5 m
1994   Mario Stecher 126,5 m
1997   Håvard Lie 127 m
1999   Olav Magne Dønnem 131 m
12. mars 2000   Sven Hannawald 132,5 m
13. mars 2005   Andreas Widhölzl 134 m
25. januar 2006   Tommy Ingebrigtsen 136 m
14. mars 2010   Bjørn Einar Romøren 137 m
14. mars 2010   Andreas Kofler 139,5 m
5. mars 2011   Andreas Kofler 141 m

Kvinner

endre
Dato Namn Lengd
1974   Anita Wold 76 m
12. mars 2000   Helena Olsson 101 m
11. mars 2001   Daniela Iraschko 110 m
17. mars 2002   Anette Sagen 116 m
9. mars 2003   Anette Sagen 123 m
1. februar 2004   Anette Sagen 127,5 m
12. mars 2005   Anette Sagen 128 m

Bakgrunnssstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Holmenkollbakken