Spilvalen

Versjonen frå 15. november 2024 kl. 09:08 av Barend (diskusjon | bidrag) (Oppretta sida med «{{koord|63|19|24|N|7|47|05|E|vising=tittel}} {{geoboks|øy |namn= |kommune=Smøla |fylke=Møre og Romsdal |folketal=0 |høgast= |areal= |zoom=8 }} '''Spilvalen''' er ei øy og eit gardsbruk i Smøla kommuneNordmøre, sørvest for hovudøya Smøla. Husa står på ei lita øy mellom Spilvaløya i vest og Valøya i aust. Det bur ikkje folk her. I 1873 vart det oppretta eit fiskevær her, men det var berre busett i fiskesesongen. I 1885 var det 20 båtar som…»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

63°19′24″N 7°47′05″E / 63.32333°N 7.78472°E / 63.32333; 7.78472

Spilvalen
øy
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Smøla
Folketal 0

Spilvalen er ei øy og eit gardsbruk i Smøla kommuneNordmøre, sørvest for hovudøya Smøla. Husa står på ei lita øy mellom Spilvaløya i vest og Valøya i aust. Det bur ikkje folk her.

I 1873 vart det oppretta eit fiskevær her, men det var berre busett i fiskesesongen. I 1885 var det 20 båtar som dreiv fiske herfrå. Spilvalen fekk fast busetjing i 1899. Ved folketeljinga i 1900 budde det 14 personar her.[1] Det vart fråflytta på slutten av 1950-talet.

Spilvalen var del av Edøy kommune fram til 1915 og så Brattvær kommune fram til opprettinga av Smøla kommune i 1960.

Kjelder

endre