Jugoslavia (tyder «Sørslavia») var tre ulike, men etterfølgjande statsdanningar som fanst på Balkan mellom 1918 og 2003: Kongeriket Jugoslavia, Den sosialistiske føderale republikken Jugoslavia og den jugoslaviske staten danna av Serbia og Montenegro i 1992. I 2003 skifta dette landet namn til Serbia og Montenegro. I 2006 blei også denne unionen delt mellom Serbia og Montenegro.

Jugoslavija
Føderasjon

 

1918–2003
Flagg Våpen
Flagg Våpen
Nasjonalsong
Nasjonalsongen til Kongeriket Jugoslavia (1918-1941)
«Hej sloveni»(etter 1977)
Plasseringa til Jugoslavia
Plasseringa til Jugoslavia
Kart over dei ulike område Jugoslavia dekte
Hovudstad Beograd
Språk Serbokroatisk
Religion Russisk ortodoks kristendom, katolsk kristendom, islam
Styreform Konstitusjonelt monarki (1918-1929)
Absolutt monarki (1929-1934)
Konstitusjonelt monarki (1934-1943)
Provisorisk føderalt sosialistisk konstitusjonelt monarki (1943-1945)
Sosialistisk føderal republikk (1945-1992)
Føderal republikk (1992-2003)
Historisk periode Mellomkrigstida

Andre verdskrigen
Den kalde krigen
Jugoslavia-krigane

 - Staten av slovenarar, kroatar og serbarar 29. oktober 1918
 - Sameint med Kongeriket Serbia
(Grunnlegginga av Jugoslavia)
1. desember 1918
 - 6. januar-diktaturet 6. januar 1921
 - Namnet «Jugoslavia» teke i bruk 3. oktober 1929
 - Nazistisk invasjon 6.-18. april 1941
 - Den sosialistiske føderale republikken Jugoslavia grunnlagd 29. november 1943
 - Oppløsning
Serbia og Montenegro grunnla FR Jugoslavia
25. juni 1991-27. april 1992
 - FR Jugoslavia bytta namn til Statsunionen Serbia og Montenegro 4. februar 2003
 - Statsunionen Serbia og Montenegro blei oppløyst
Areal
 - 1989 225 804 km²
Innbyggjarar
 - 1989 est. 23 724 919 
     Folketettleik 105,1 /km² 
Valuta Jugoslavisk krone (1918-1920)
Jugoslavisk dinar (1920-2003)
Føregjengar
Etterfølgjarar
Staten av slovenarar, kroatarar og serbarar
Kongeriket Serbia
Serbia og Montenegro
Bosnia-Hercegovina
Kroatia
Republikken Makedonia
Slovenia
I dag ein del av  Serbia
 Montenegro
 Bosnia-Hercegovina
 Kroatia
 Makedonia
 Slovenia
 Kosovo

Føderasjonen var sett saman av mange ymse folkegrupper, sørslaviske utgjorde 80,9%: serbarar (36%), kroatar (19%), bosnjakar (9,6%), slovenarar (8%), makedonarar (5,8%), montenegrinarar (2,5%). Han bestod òg av andre grupper: albanarar (9,1%), ungarar (1,6%), sigøynarar (0,8%) og tyrkarar (0,5%).[1] Jugoslavia bestod hovudsakleg av tre ymse religionar: katolsk kristendom, ortodoks kristendom og islam.

Landet hadde si stordomstid under Josip Broz Tito. Han blei kjend for sin sjølvstendige politikk i høve til Sovjetunionen. Etter Tito sin død, opplevde Jugoslavia ein turbulent og tragisk periode med inflasjon, korrupsjon, borgarkrig og etnisk reinsing.

Jugoslavia etter oppløysinga.
1. Bosnia-Hercegovina
2. Kroatia
3. Nord-Makedonia
4. Montenegro
5. Serbia
5a. Kosovo
5b. Vojvodina, del av Serbia
6. Slovenia
År Jugoslavia frå 1918 til i dag
2008–i dag  Bosnia-Hercegovina  Kroatia  Nord-Makedonia  Slovenia  Montenegro  Serbia  Kosovo
2006–2008  Serbia
2003–2006  Serbia og Montenegro
1992–2003  Den føderale republikken Jugoslavia
1946–1992  Den sosialistiske føderale republikken Jugoslavia
(Under namnet Den føderale folkerepublikken Jugoslavia frå 1946 til 1969)
1918–1945  Kongedømet Jugoslavia
(Under namnet Kongedømet av serbarar, kroatarar og slovenarar frå 1918 til 1929)

Kjelder

endre
  1. Berg, Ole T.; Mønnesland, Svein (1. desember 2021). «Jugoslavia». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.