Livets dans i Nasjonalmuseet
Livets dans. Samlinga frå antikken til 1950 er basisutstillinga til Nasjonalgalleriet frå 29. april 2011 til 31. desember 2014.[1] Dei fire hovudmotiva i utstillinga er I.C. Dahl og romantikken, Christian Krohg og realismen, dei kjende verka til Edvard Munch og det norske stemningsmåleriet rundt 1900.[2]
Lanseringa av ei ny basisutstilling «Alle snakker om museet» i februar 2005 vakte reaksjonar, men førte òg til auka tilstrøyming.[3] Det meist omtala var at ein splitta opp «Munch-rommet», og synte bileta til Munch saman med andre samtidige målarar. Ein erstatta eit kronologisk prinsipp med eit tematisk. Basisutstillinga vart revidert i 2011, og i den gjeldande basisutstillinga Livets dans. Samlinga frå antikken til 1950 er Munchrommet og eit kronologisk prinsipp innført att.[4] Den nye basissamlinga har vore omtalta som «en kortversjon av verdens kunsthistorie fremfor å speile museets egen samling»[5]
I Kunstkritikk skriv Ingvild Krogvik at Livets dans er den beste samlingsutstillinga Nasjonalgalleriet har laga i nyare tid.[1]
Basisutstillinga
I tillegg til måleria på veggane inneheld fleire av salane ein skuffeseksjon med eit utval av grafikk og teikningar til same tema/periode.
Trappa
I trappa heng Christian Krohg sine målerier «Albertine i politilegens venteværelse» 1885-87, «Leif Erikson oppdager Amerika», 1893 og «Kampen for tilværelsen», 1888-89. I tillegg står Charles Despiau si portrettbyste av Jens Thiis, frå 1933–35 her.
A. Gresk kunst i antikken, «Guder»
I denne delen finn ein mellom anna Torso av gud, f. eks. Apollon, Asklepios, Typus Museo Nuovo, torso, Isisprestinne/kvinnelig farao torso, Persefone/Kora, Typus Urania Uffizi av Praxiteles Torso, romersk lenos (sarkofag) med eroter, Eros og Psyche (dans), Hermes av Polykleitos, hode, Archaisk hode (KIM) og Andrea Locatelli, Bakkantinner og fauner.
Referansar
- ↑ 1,0 1,1 Ingvild Krogvig: Internasjonalgalleriet frå Kunstkritikk
- ↑ Livets dans. Samlingen fra antikken til 1950 frå Nasjonalmuseet
- ↑ Dag Solhjell Nye grep i Nasjonalgalleriet kunstkritikk.no, 7.3.2005
- ↑ nasjonalmuseet.no Livets dans. Samlingen fra antikken til 1950
- ↑ Lotte Sandberg. «En litt anstrengt dans». Aftenposten, 29.4.2011
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Livets dans (Nasjonalmuseet)» frå Wikipedia på bokmål, den 25. oktober 2012.