Kultur i 1977
kulturår |
1975 | 1976 | 1977 | 1978 |1979 |
Kategoriar |
Kultur i 1977 er ei oversikt over hendingar, fødde og døde personlegdomar innan kulturlivet i 1977.
Biletkunst
[endre | endre wikiteksten]- Yorkshire Sculpture Park i Wakefield blei grunnlagd som den første skulpturparken i Storbritannia.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]Prisar:
Utvalde utgjevingar:
- Fantasi: The Silmarillion av J.R.R. Tolkien, ordna for utgjeving av Christopher Tolkien og Guy Gavriel Kay
- Feminisme: Dancing Girls av Margaret Atwood, Egalias døtre av Gerd Brantenberg, How to Save Your Own Life av Erica Jong, The Women's Room av Marilyn French
- Romanar: In the Heart of the Country av J.M. Coetzee, Song of Solomon av Toni Morrison, The Sea, The Sea av Iris Murdoch, The Slave Girl av Buchi Emecheta
- Krim/spenning: A Judgement in Stone av Ruth Rendell, Stephen King sin første bestseljar The Shining
Mote og tekstilkunst
[endre | endre wikiteksten]- Per Spook opna eit eige motehus i Paris.[1]
- San Jose Museum of Quilts & Textiles opna i San Jose i California som det første spesialiserte quilt- og tekstilmuseet i USA.
Musikk
[endre | endre wikiteksten]Discomusikk fekk eit verdsgjennombrot gjennom filmen Saturday Night Fever, som Bee Gees hadde skrive mesteparten av musikken til. Songane som nådde øvst på topplistene i verda dette året var «Hotel California» av The Eagles, «I Feel Love» av Donna Summer, «Mull of Kintyre» av Wings, «Ma Baker» av Boney M og «Yes Sir, I Can Boogie» av Baccara.
1977 såg også byrjinga på pønken sin framvekst. Grupper som The Avengers, Bad Brains, Black Flag, Crass, Discharge, Fear, The Flesh Eaters, The Germs, The Misfits, 999, The Pagans, Plasmatics, VOM, The Weirdos og X blei skipa dette året. Tidlege pønkalbum som The Clash av The Clash, Damned, Damned, Damned av The Damned og Never Mind the Bollocks, Here's the Sex Pistols av Sex Pistols kom ut dette året. Året såg også fleire utgjevingar av førestealbum frå artistar som låg nær opptil pønksjangeren, som My Aim Is True av Elvis Costello, Motörhead avMotörhead, Suicide av Suicide og Talking Heads: 77 av Talking Heads.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ nationalmuseum.no, arkivert frå originalen 5. desember 2007, henta 16. juni 2009
- Delar av denne artikkelen bygger på «1977 in music» frå Wikipedia på engelsk, og «1977 in literature» frå Wikipedia på engelsk den 16. juni 2009.