CERN
CERN | |||
| |||
| |||
Skipa | 29. september 1954 | ||
---|---|---|---|
Hovudkontor | Prévessin-Moëns, Meyrin | ||
Land | Sveits, Frankrike | ||
Styreleiar | Ursula Bassler (1. januar 2019)[1] | ||
Dagleg leiar | Fabiola Gianotti,[2] Rolf-Dieter Heuer, Robert Aymar, Luciano Maiani, Christopher Llewellyn Smith, Carlo Rubbia, Herwig Franz Schopper, Leon van Hove, John Adams, John Adams, Willibald Jentschke, Bernard Paul Gregory, Victor Weisskopf, John Adams, Cornelis Jan Bakker, Felix Bloch,[3] Edoardo Amaldi | ||
Nettstad | https://home.cern (engelsk), https://home.cern/fr (fransk) |
Den europeiske organisasjonen for kjernefysisk forsking (fransk: Organisation Européenne pour la Recherche Nucléaire) eller CERN er verdas største forskingssenter for partikkelfysikk. Senteret ligg på grensa mellom Sveits og Frankrike, størstedelen ligg i byen Meyrin på den sveitsiske sida av landegrensa. Den internasjonale flyplassen ved Genève ligg tre km aust for Meyrin.
CERN er ein internasjonal forskingsorganisasjon, ikkje eit sveitsisk institutt. Hovudbygningen til CERN er laga av for det meste kvit murstein.
Historie
Avtalen om å etablere CERN vart skriven under 29 september 1954 av 12 land. I dag (2008) er det 20 medlemsland.
Det opphavlege namnet var Conseil Européen pour la Recherche Nucléaire, forkorta CERN. 1954 bytte ein namn til Organisation Européenne pour la Recherche Nucléaire, men heldt på den gamle forkortinga.
Verksemd
CERN er det leiande aboratoriet i verda for høgenergifysikk og verdas største laboratorium for forsking på partikkelfysikk.
CERN har bygt ei rekkje stadig større akseleratorar fram gjennom åra. Fleire av dei er framleis i drift, medan andre er lagde ned. CERN har utvikla verdas største partikkelakselerator, Large Hadron Collider (LHC), og eksperiment med denne partikkelakeratoren starta i september 2008. Der studerer ein dei minste delane i materien for blant anna å freiste å forstå korleis universet vart skapt og kva for grunnleggjande krefter som styrer verda.
Personale
CERN har kring 2 600 heiltidstilsette. Om lag 8 000 forskarar og ingeniørar (som representerer 500 universitet og 80 nasjonalitetar), arbeider med eksperiment som vert gjennomførte ved CERN.
Medlemslanda betaler om lag 1 076 millionar sveitsarfrank til CERN kvart år.
Kjelder
- ↑ https://home.cern/news/press-release/cern/dr-ursula-bassler-elected-next-president-cern-council.
- ↑ «CERN Council selects Mark Thomson as next Director-General, starting in 2026» (på engelsk). 4. desember 2024. Henta 13. desember 2024.
- ↑ «Felix Bloch | CERN» (på engelsk). Henta 13. desember 2024.