I Was Born to Love You
I Was Born to Love You Singel av Freddie Mercury frå albumet Mr. Bad Guy | ||
B-side |
«Stop All the Fighting» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 8. april 1985 | |
Innspelt | 1984 | |
Sjanger | poprock, disco | |
Lengd | 3:37 (7" og album)
7:03 (12" extended version) | |
Selskap | CBS | |
Tekstforfattar | Freddie Mercury | |
Låtskrivar(ar) | Freddie Mercury | |
Produsent | Freddie Mercury og Reinhold Mack | |
Freddie Mercury-kronologi | ||
«Love Kills» (1984) |
I Was Born to Love You | «Made in Heaven» (1985)
|
I Was Born to Love You Singel av Queen frå albumet Made in Heaven | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 28. februar 1996[1] (Japan only) | |
Innspelt | 1984, 1995 | |
Sjanger | rock, hardrock | |
Lengd | 4:49 | |
Selskap | EMI Hollywood (Nord-Amerika) | |
Tekstforfattar | Freddie Mercury | |
Låtskrivar(ar) | Freddie Mercury | |
---|---|---|
Produsent | Queen | |
Queen-kronologi | ||
«A Winter's Tale» (1995) |
I Was Born to Love You | «Too Much Love Will Kill You» (1996)
|
«I Was Born to Love You» er ein song frå 1985 av Freddie Mercury, gjeven ut på singel og på albumet Mr. Bad Guy. Etter Mercury døydde omarbeidde Queen denne songen for albumet deira Made in Heaven i 1995. Dei heldt vokalen til Mercury, men spelte om att alle instrumentalpartia, og omgjorde songen frå ein discolåt til ein hardrocklåt.
Songen vart spelt på konsert første gongen i 2005 av Queen + Paul Rodgers i Japan. Brian May og Roger Taylor framførte songen akustisk. Songen vart òg framført av Queen + Adam Lambert i Sør-Korea og Japan.
Queen-versjonen frå Made In Heaven nyttar ein sample av den improviserte vokalen til Mercury frå «A Kind of Magic» frå albumet med same namn og frå «Living On My Own» frå albumet Mr. Bad Guy.
Musikkvideo
Det vart laga ein video for den originale Mercury-versjonen, regissert av David Mallet og filma i det no øydelagde Limehouse Studios i London. Mercury syng songen føre ein vegg av speglar, og spring så gjennom eit hus med ei ukjend kvinne (Debbie Ash), før han dansar på eit podium.
Videoen for Made in Heaven-versjonen vart regissert av Richard Heslop for British Film Institute, og vart inkludert på Made In Heaven: The Films. Han syner innbyggjarar frå sosialbustader, og folk av alle seksuelle retningar. Ein ser par som kyssar, barn som leiker og tenåringar som stel og øydelegg ein bil. Videoen nyttar den forkorta utgåva som finst på vinylutgåva av albumet.
I andre media
Songen er blitt brutk i fleire fjernsynsreklamar, hovudsakleg i Japan. Den originale versjonen med Mercury vart nytta i ein japansk sminkereklame i 1980-åra. Queen-versjonen vart gjeven ut på singel i Japan i februar 1996 etter at songen var blitt nytta i ein TV-reklame for Kirin Ichiban Shibori,[1] eit spritmerke i landet produsert av Kirin Brewery Company. Singelen vart den første Queen-songen som gjekk inn på den japanske singellista sidan «Teo Torriatte (Let Us Cling Together)», i 1977.
I 2004 vart Queen-versjonen av songen nytta som kjenningsmelodi for den japanske dramaserien Pride.
Andre versjonar
Ein versjon av songen, basert på Queen-utgåva, er nytta i fjerde nivået på Nintendo DS-spelet Elite Beat Agents.
Ein eurodance-versjon av songen vart spelt inn av gutebandet Worlds Apart.
Songen finst i ein episode av serien Pretty Guardian Sailor Moon.
Songen vart spelt inn av rockeartisten Andrew W.K. og gjeven ut i Japan i februar 2011.
Medverkande
- Original
- Freddie Mercury – solovokal, piano, synthesizer
- Fred Mandel – piano, synthesizer, gitar
- Paul Vincent – sologitar
- Curt Cress – trommer
- Stephan Wissnet – bassgitar, Fairlight CMI
- Reinhold Mack – Fairlight CMI
- Queen-versjonen
- Freddie Mercury - solo- og korvokal, piano, klaverinstrument
- Brian May - elektrisk gitar, klaverinstrument
- Roger Taylor - trommer, perkusjon
- John Deacon - bassgitar
Lister
- Freddie Mercury-versjonen
Liste (1985) | Plassering |
---|---|
Den tyske singellista | 10 |
UK Singles Chart | 11 |
Den austerrikske singellista | 20 |
Den sveitsiske singellista | 24 |
Den japanske singellista | 55 |
Den sørafrikanske singellista[2] | 4 |
U.S. Billboard Hot 100 | 76 |
Liste (2016) | Plassering |
Polen (Den polske Topp 5-lista)[3] | 69 |
- Queen-versjonen
År | Liste | Plassering |
---|---|---|
1996 | Den japanske singellista | 45 |
2004 | 1 |
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «I Was Born to Love You» frå Wikipedia på engelsk, den 30. juli 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 «クイーン アイ・ワズ・ボーン・トゥ・ラヴ・ユー - goo 音楽 (Release information - Queen - I Was Born to Love You)». music.goo.ne.jp (på japansk). Arkivert frå originalen 23. april 2009. Henta 28. juni 2008.
- ↑ http://rock.co.za/files/springbok_top_20_(M).html Henta 6. januar 2014
- ↑ "Listy bestsellerów, wyróżnienia :: Związek Producentów Audio-Video". Den polske Topp 5-lsita. ZPAV. Henta 31. juli 2016.