Bareq
Bareq | |||
بارق, Bariq | |||
guvernement | |||
Land | Saudi-Arabia | ||
---|---|---|---|
Region | Asir | ||
Høgd | 389 moh. | ||
Koordinatar | 18°55′56″N 41°56′38″E / 18.93222°N 41.94389°E | ||
Areal | 2 500 km² | ||
Folketal | 50 113 2010 | ||
Folketettleik | 50 113 / km² | ||
Borgarmeister | Abdul Rahman al-Asmari | ||
Guvernør | Sultan al-Sudairi | ||
Tidssone | EAT (UTC+3) | ||
• Sommartid | EAT (UTC+3) | ||
Bareq 18°55′56″N 41°56′38″E / 18.9322222°N 41.9438889°E | |||
Kart som viser Bareq.
| |||
Wikimedia Commons: Bareq |
Bareq (òg skrive Bariq, arabisk skrift بارق) er eit guvernement nordvest i Asir, 120 km nord for Abha i Saudi-Arabia. Det dekkjer eit område midtvegs mellom Tihama og Asir, 389 meter over havet. Folketalet er estimert til 50 113 og innbyggjarane her er ganske velståande. Byen Bariq har vokse raskt og har mange offentlege tenester. Han er ein av vinterferiestadane i Asir på grunn av den vene naturen og dei milde vintrane i området.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Bariq vart grunnlagd i år 220 i området som historisk vart kalla «Jemen».[1][2][3]
Då Den første saudiarabiske staten kom til på 1700-talet, var landsbyane i Bareq styrte av lokale klanar på liknande måte som i Nejd, medan store stammeforbund opprettheldt ein stor grad av sjølvstyre. Bareq støtta seg til Den første saudiarabiske staten i 1809 under leiarskap av Bareq-høvdingen Ahmed Ibn Zahir frå Humaydah-klanen.[4][5] Då Den første saudiarabiske staten vart øydelagd av egyptarane i 1818, fortsette folket i Bariq å kjempe mot egyptiske styrkar i regionen sin. Egyptarane trekte seg attende i 1840.[6]
I 1872 tok tyrkarane direkte kontroll over regionen og Bareq vart ein sanjak i det tyrkiske Jemen, og vart verande i Det osmanske riket dei neste 42 åra.[7][8] I 1880-åra vart Idrissi-dynastiet frå Sabya den dominerande politiske makta, og styrte regionen under tyrkiske rådgjevarar. I 1910 byrja Muhammed ibn Ali al-Idrisi, ein etterkomar av Ahmad Ibn Idris, å få politisk kontroll i Bareq. Etter forhandlingar med Italia, som hadde interesser i det nærliggande Somalia, kom Idrisi-styrkane til Muhammed i konflikt med osmanske styrkar i Ajama. Idrisis vart slått i 1911 av hasjemittane under Hussein ibn Ali, sharif i Mekka,[9] som då framleis var lojal til osmanarane, men dette snudde då Muhammed ibn Ali inngjekk ein hemmeleg militærallianse med Storbritannia (som då var i krig med osmanarane) i 1915, og Sharif Hussein byta seinare side og slo seg saman med britane mot osmanarane.[10]
Tyrkiske soldatar trekte seg attende etter krigen braut ut i 1914, og det tyrkiske styret i Bareq vart enno svakare. I april 1915 signerte britiske agentar, som håpte på å få Bariq si støtte, ein avtale med Idrisi-emiren som garanterte dei sjølvstende og tryggleik om tyrkarane vart slått. Soldatane frå Bariq kjempa mot tyrkarane som allierte til britane.
Mot slutten av fyrste verdskrigen, vart Muhammed ibn Ali herskar over ein internasjonal anerkjend, suveren stat, fram til han døydde i 1920. Territoria i emiratet strekte seg frå Bareq i nord til Hudaydah i sør. Etterkomarane til Muhammed klarte ikkje å stå i mot den aukande makta til Abd Al-Aziz Ibn Saud, som byrja å annektere område sør på Den arabiske halvøya og naboområda etter Muhammed døydde. Saudiarabarane tok Bareq i 1924,[11] og frå den gong var Bareq kontrollert av huset Sa'ud - ein situasjon som vart formalisert i 1934 med Taif-avtalen mellom Saudi-Arabia og Jemen.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Bareq er eit dalrikt landskap som ligg 389 meter over havet, kring 90 km innover i landet frå Raudehavet. Det ligg 120 km nordvest for Abha. Distriktet Bareq byrjar kring 15 km nord for Muha'il, og dekkjer eit areal på kring 65 km frå nord til sør og 90 km frå aust til vest, og grensar til Tanomah i aust, Majaridah i nord, Muhail i sør og Qunfudhah i vest.[12] Det er eit frodig område som er rikt på vatn og godt oppdyrka med dura, dukhn, bygg og sesam som dei viktigaste avlingane.[13][14]
Nabolag og landsbyar
[endre | endre wikiteksten]
|
Klima
[endre | endre wikiteksten]Bareq har eit tørt, tropisk klima med ein årleg middeltemperatur på 30 °C. I januar ligg dagtemperaturen stort sett på kring 27-28 °C og om natta ned mo 17 °C, medan dagtemperaturen i juli i snitt er 33-34 °C og om natta 20 °C.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Bareq» frå Wikipedia på engelsk, den 22. mai 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Ulrich, Brain John (2008). Constructing Al-Azd: Tribal Identity and Society in The Early islamic Centuries. University of Wisconsin Madison,Wisconsin: c2008. s. 290. ISBN 9780549634430.[daud lenkje]
- ↑ Bahrain through the ages: the history،
- ↑ Excellence and precedence: medieval islamic discourse on legitimate leadership[daud lenkje]،
- ↑ كتاب الدولة السعودية الأولى.
- ↑ كتاب جحيم الحكم السعودي ونيران الوهابية.
- ↑ Sibāʻī, A. (1999). Taʼrīkh Mekka: Dirāsāt fī al-siyāsah wa-al-ʻilm wa-al-ijtimāʻ wa-al-ʻumrān. al-Riyāḍ. OCLC 48048114.
- ↑ العلاقات بين مصر والحجاز ونجد في القرن 19،
- ↑ كتاب دراسات في تاريخ العرب الحديث.
- ↑ Barakātī, S. A.-M (2001). al-Riḥlah al-Yamanīyah. Kairo. OCLC 45920798.
- ↑ موجز تاريخ وأحوال عسير 1215 - 1341هـ،
- ↑ السراج المنير في سيرة امراء عسير.
- ↑ al-Bariqi, Mahmood Aal-Shobaily ((Republished 2001)). Al-Shariq: fi tarikh wa jughrāfīat bilād Bāriq. Maktabat al-Malik Fahd al-Wataniyah. s. 279. ISBN 9960-39969-9.
- ↑ Gazetteer of Arabia: A Geographical and Tribal History of the Arabic Peninsula: page 294،
- ↑ Asir Before fyrste verdskrigen: A Handbook: page 51،