Going for the One
Going for the One Studioalbum av Yes | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 15. juli 1977 | |
Innspelt | 1976–1977 | |
Studio | Mountain Studios (Montreux i Sveits) | |
Sjanger | Progressiv rock | |
Lengd | 38:49 | |
Selskap | Atlantic | |
Produsent | Yes | |
Yes-kronologi | ||
---|---|---|
Yesterdays (1975) |
Going for the One | Tormato (1978)
|
Singlar frå Going for the One | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Christgau's Record Guide | C[2] |
Pitchfork | 7.5/10[3] |
Rolling Stone | (positiv)[4] |
The Daily Vault | A-[5] |
Going for the One er det åttende studioalbumet fra det engelske progressiv rock-bandet Yes, utgjeve sommaren 1977. Etter eit lengre opphald frå bandet grunna solo-prosjekt, presenterte bandet eit friskt og moderne album. Rick Wakeman kom tilbake til bandet etter at Patrick Moraz forlet Yes hausten 1976. Moraz var med på et tidleg stadium av låtskrivinga og innspelinga, men er ikkje kreditert for innsatsen sin, anna enn ein spesiell takk på innercoveret.
Albumet kom på åttandeplass på Billboard 200 i USA, nådde toppen av UK Albums Chart i Storbritannia[6] og på sjuandeplass på VG-lista topp 40 i Noreg.[7]
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]På hausten 1976 møttest Yes i Sveits for å skrive låtar og spele inn eit nytt album. Etter kort tid fekk Patrick Moraz melding om at tenestene hans ikkje var ynskt meir, og Rick Wakeman vart kontakta for å medverke på albumet som studiomusikar.
Ikkje lenge etter at Wakeman var på plass, vart han av Chris Squire bede om å kome tilbake til bandet som fulltidsmedlem, noko Wakeman takka ja til fordi han likte musikken. Seinare den kvelden sat Wakeman og las den siste utgåva av musikkavisa Sounds, der han kunne lese at han var tilbake i Yes. Han syntest dette var vel kjapt levert, og spurde manager Brian Lane om dette. Wakeman hadde jo sagt ja berre få timar før. «Kvalifisert gjetting. Av og til er det slik ein manager må jobbe», var svaret frå Lane.
Musikken er denne gongen meir rock-inspirert enn nokre av dei tidlegare albuma, og tittellåten «Going for the One» og «Parallels» kan nesten klassifiserast som reine rockelåtar. Her er òg to reine balladar, «Turn of the Century» og singelhitten «Wondrous Stories». Stavinga av «Wondrous» er tilsikta og ingen skrivefeil av «Wonderous». Til slutt på albumet finn vi «Awaken», som er rekna som den siste episke komposisjonen til Yes. Dette er ein komposisjon som av Jon Anderson blir nemnt som favorittensongen hans av Yes.
Dette er òg det første av to plateomslag som er laga av Hipgnosis, som er mest kjent for plateomslaga for Pink Floyd.
Sporliste
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Going for the One» | Jon Anderson | 5:32 |
2. | «Turn of the Century» | Anderson/Steve Howe/Alan White | 7:56 |
3. | «Parallels» | Chris Squire | 5:53 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
4. | «Wonderous Stories» | Anderson | 3:49 |
5. | «Awaken» | Anderson/Howe | 15:31 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
6. | «Montreux's Theme» | Howe/Squire/Anderson/White | 2:38 |
7. | «Vevey (Revisited)» | Anderson/Rick Wakeman | 4:46 |
8. | «Amazing Grace» | Trad./arr. Squire | 2:36 |
9. | «Going for the One» (øving) | Anderson | 5:10 |
10. | «Parallels» (øving) | Squire | 6:21 |
11. | «Turn of the Century» (øving) | Anderson/Howe/White | 6:58 |
12. | «Eastern Number» (tidleg versjon av Awaken) | Anderson/Howe | 12:16 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Jon Anderson: vokal, perkusjon og harpe
- Chris Squire: bass og vokal
- Steve Howe: elektrisk og akustisk gitar, portugisisk 12-strengers gitar, pedal steelgitar, vokal
- Rick Wakeman: piano, Hammondorgel, Polymoog og Minimoog synthesizere, kirkeorgel
- Alan White: trommer, perkusjon
Ny-utgjevingar
[endre | endre wikiteksten]- 1988 – Atlantic – CD
- 1994 – Atlantic – CD (Remaster)
- 2001 – Japansk Limited Edition
- 2003 – Rhino – LP & CD (Remaster med bonusspor)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Going for the One» frå Wikipedia på bokmål, den 28. juli 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Going for the One, CD notater på innercover av Tim Jones, 2003
- Allmusic.com
- Top Pop Albums 1955-2001, Joel Whitburn, 2002
- ↑ Boissoneau, Ross. Going for the One – Yes på Allmusic. Henta 21. februar 2020.
- ↑ Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: Y». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 9 Mars 2019 – via robertchristgau.com.
- ↑ Dahlen, Chris; Leone, Dominique; Tangari, Joe (8. februar 2004). «Yes: The Yes Album / Fragile / Close to the Edge / Tales from Topographic Oceans / Relayer / Going for the One / Tormato / Drama / 90125». Album Reviews. Pitchfork. Henta 21. februar 2020.
- ↑ Swenson, John (8. september 1977). «Yes: Going For The One». Music Reviews. Rolling Stone. Arkivert frå originalen 23. mai 2009. Henta 21. februar 2020.
- ↑ Warburg, Jason (2019). «The Daily Vault Music Reviews : Going for the One». dailyvault.com. Henta 18. februar 2020.
- ↑ UK Albums Chart: Yes – Going for the One
- ↑ VG-lista: Yes