Hopp til innhald

Syltesukker

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Syltesukker er ein sukkersort med spesielt store og likeforma sukkerkrystallar. Det eignar seg godt til å koke syltetøy og gele av frukt og bær. Dei store krystallane løyser seg langt seinare opp enn dei ein finn i vanleg hushaldningssukker.[1] Av den grunn er der mindre risiko for at sukkeret skal brenne seg fast i pannebotnen, eller at det skal danne seg karamellklumpar. Dessutan vert det mindre skum under kokinga.

Syltesukker kan vera reint sukker utan andre tilsettingsstoff.[1] Det finst også syltesukker med tilsett pektin[2] om ein skal sylta råvarer med lågt pektininnhald, og middel som gjev større haldbarheit, som kaliumsorbat.[3]

  1. 1,0 1,1 «Sugar: Sweeten The Deal», Baking Business (på engelsk), 1. februar 2015, henta 23. november 2023 
  2. «Syltesukker», www.dansukker.no (på norsk bokmål), henta 23. november 2023 
  3. Madsen, Holger Rørby (29. juli 2022), «Hvad er syltesukker? Fakta og anvendelse», Madens Verden (på dansk), henta 23. november 2023