Wikipedia:Dagens skandinaviske artikel/Nynorsk/Uge 26, 2015
Mygg er ei gruppe av tovengjene (Diptera), der den andre gruppa er fluger. Myggar skil seg frå flugene ved at dei har meir enn fire ledd i følehorna. Insekta er mellom 1,8 og cirka 50 millimeter lange.
Det er skildra over 33 000 nolevande artar i verda; over 2 000 artar av dei finst i Noreg i 29 familiegrupper. I tillegg er det skildra svært mange utdøydde grupper og artar ut frå funn i rav eller som fossil.
Dei fleste artar er harmlause. Berre nokre få artar stikk eller bit, men desse kan vere til stor plage for menneske og dyr. Dei blodsugande artane finn truleg offeret sitt ved å gå etter karbondioksid i utåndingslufta.I daglegtale er «mygg» det same som stikkemygg, men denne gruppa utgjer berre ein liten del av alle myggar. Les meir …