Spring til indhold

Wikipedia:Dagens skandinaviske artikel/Nynorsk/Uge 35, 2014

Fra Wikipedia, den frie encyklopædi
Hersketeknikk

Hersketeknikk er ei nemning for metodar ein person eller ei gruppe kan bruka for å audmjuka, «psyka ned» og herska over andre personar eller grupper. Hersketeknikkar kan bli utøvde gjennom tale, stemmeleie, kroppsspråk og andre former for kommunikasjon. Dei blir brukte på alle arenaer der menneske utøver makt: i familieliv, arbeidsliv, politikk og samfunnsliv. Omgrepet blei først lansert i 1945 av psykolog og filosof Ingjald Nissen i boka «Psykopatenes diktatur». Sosialpsykolog og tidlegare SV-leiar Berit Ås populariserte omgrepet i 1981 i boka «Kvinner i alle land … Håndbok i frigjøring». Her reduserte ho Nissens opphavelege ni teknikkar til fem og hevda at desse berre var noe menn kunne gjere mot kvinner. Sidan den tid har omgrepet hersketeknikk vore ein del av det norske allmenspråket, og det har også blitt kjent i ei rekkje andre land. Ås såg omgrepet i eit kjønnspolitisk og samfunnsmessig perspektiv. Seinare har tydinga blitt utvida - og etter nokre si meining utvatna - til å gjelda psykososial maktutøving på ei rekkje område. Ein kan også seia at forståinga av hersketeknikkane har blitt individualisert. Berit Ås og 70-talsfeministane såg på hersketeknikkane som ein del av eit djuptgripande undertrykkingsforhold. Svaret var ein felles frigjeringskamp. I dag blir hersketeknikkane ofte oppfatta som eit problem mellom einskildpersonar og med individuelle løysingar. Les meir …