6. oktober
Utsjånad
6. oktober er den 279. dagen i den gregorianske kalenderen (280. under skotår). Det er 86 dagar att av året.
Merkedag
[endre | endre wikiteksten]Nasjonaldagar og nasjonale flaggdagar
[endre | endre wikiteksten]Religiøs helgedag
[endre | endre wikiteksten]Bevegelege heilagdagar som fell på 6. oktober i 2024:
Namnedag
[endre | endre wikiteksten]Noreg | Målfrid og Møyfrid |
Sverige | Jenny og Jennifer |
Danmark | Broderus |
Helgendag i den katolske kyrkja
[endre | endre wikiteksten]Hendingar
[endre | endre wikiteksten]Utlandet
[endre | endre wikiteksten]- 891: Innsetjinga av pave Formosus.
- 1600: Euridice av Jacopo Peri, den eldste overlevande operaen, hadde premiere i Firenze.
- 1908: Austerrike annekterte Bosnia og Herzegovina.
- 1973: 80 000 egyptiske soldatar kryssa Suezkanalen og starta Jom kippurkrigen.
- 1976: Politi og paramilitære slo ned demonstrasjonane på Thammasat-universitetet i Thailand, mange studentar vart massakrerte.
Noreg
[endre | endre wikiteksten]- 1688: Kongen innførte sagbruksprivilegiar i Noreg, privilegiane vart oppheva i 1860.
- 1913: Det Norske Teatret opna med si fyrste framsyning i Bøndenes Hus i Kristiania.
- 1929: Hurtigruteskipet «Haakon VII», tilhøyrande Nordenfjeldske Dampskipsselskap, gjekk på grunn og forliste ved Stavenes i Sunnfjord. 40 menneske omkom.
Fødde
[endre | endre wikiteksten]- Sjå òg Fødde den 6. oktober.
- 1552: Matteo Ricci, italiensk jesuittmisjonær til Asia
- 1742: Johan Herman Wessel, norsk forfattar
- 1773: Kong Ludvig Filip av Frankrike
- 1820: Jenny Lind, svensk sopran
- 1850: Sven Aarrestad, norsk sakførar og politikar
- 1887: Le Corbusier, sveitsisk arkitekt
- 1914: Thor Heyerdahl, norsk eventyrar
- 1927: Günter Grass, tysk forfattar
- 1930: Hafez al-Assad, syrisk statsleiar
- 1964: Knut Storberget, norsk politikar
Døde
[endre | endre wikiteksten]- Sjå òg Døde den 6. oktober.
- 1661: Guru Har Rai, den sjuande sikh-guruen
- 1873: Fjodor Vasiljev, russisk målar
- 1892: Alfred Tennyson, britisk diktar
- 1893: Ford Madox Brown, britisk målar
- 1946: Per Albin Hansson, statsminister i Sverige
- 1953: Vera Mukhina, sovjetisk bilethoggar
- 1981: Anwar Sadat, sitjande president av Egypt, drepen
- 1987: Roald «Kniksen» Jensen, norsk fotballspelar
- 1989: Bette Davis, amerikansk skodespelar
- 2022: Carl Fredrik Bunæs, norsk friidrettsutøvar