Hopp til innhald

Amperevinding

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Amperevinding for ein spole er produktet av straumen (uttrykt i ampere) og mengda vindingar i spolen. Styrken av ein elektromagnet kan reknast ut ved hjelp av amperevindingstalet for spolen, når storleiken og forma til magneten og materialet i magnetkjernen er kjend. Eininga har symbol AT.