Anton L. Alvestad
Anton L. Alvestad | |||
Fødd | 7. mai 1883 Sula | ||
---|---|---|---|
Død | 2. juli 1956 (73 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar, bakar | ||
Alle verv |
|
Anton Ludvig Alvestad (fødd 7. mai 1883 i Sula, død 2. juli 1956), var ein norsk politikar, statsråd og stortingsmann. Alvestad var faglært bakar og hadde eiga bakarforretning i Ålesund. Han var vidare aktiv fråhaldsmann og medlem i IOGT.
Anton L. Alvestad kom tidleg med i arbeidarrørsla. I 1904 deltok han ved stiftinga av Ålesund Arbeiderparti. Han vart ordførar i Ålesund i åra 1920-1921, den første Arbeidarparti-ordføraren i byen. I 1921 blei han vald inn på Stortinget som representant for Mørebyane (Ålesund, Molde, Kristiansund). Dette blei starten på ein lang karriere som stortingsmann. Han var stortingsmann fram til 1936. I 1950 var han vald på nytt og var representant fram til han døydde i 1956. Frå 1954 representerte han Møre og Romsdal fylke. Alvestad var medlem av Regjeringa Hornsrud i januar–februar 1928, då som statsråd i Handelsdepartementet.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Alvestad, Anton Ludvik frå Stortinget
- Biografisk informasjon om Anton L. Alvestad NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv
- Einskildmenn
- Fødde i 1883
- Døde i 1956
- Norske handelsministrar
- Statsrådar i Regjeringa Hornsrud
- Ap-statsrådar
- Stortingsrepresentantar frå Ap
- Stortingsrepresentantar 1922-1924
- Stortingsrepresentantar 1925-1927
- Stortingsrepresentantar 1928-1930
- Stortingsrepresentantar 1931-1933
- Stortingsrepresentantar 1934-1936
- Stortingsrepresentantar 1950-1953
- Stortingsrepresentantar 1954-1957
- Stortingsrepresentantar for Møre-byane
- Ap-ordførarar i Møre og Romsdal
- Ordførarar i Ålesund
- Folk frå Sula
- Folk frå Ålesund