Brian Wellman
Brian Wellman (fødd 8. september 1967) er ein tidlegare tresteghoppar frå Bermuda. Han vann øvinga ved innandørs-VM 1995 og tok sølvmedaljen under Friidretts-VM 1995 i Göteborg.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Sommaren 1991 hoppa Wellman over 17 meter i tresteg for fyrste gong, målt til 17,07 m i Sheffield. Seinare i sesongen vart han sjettemann ved verdsmeisterskapen i Tokyo og han sigra i universiaden. Året etter vart han nummer fem i OL-finalen i Barcelona, før han flytta sitt personbeste til 17,25 ved eit stemne i Torino.
Våren 1994 hoppa Wellman 17,41 m i El Paso i Texas, USA. Ut på sommaren kom han på tredjeplass med 17,00 m ved samveldeleikane i Victoria i British Columbia, Canada. I mars 1995 presterte han sitt livs lengste tresteghopp på 17,72 meter då han vann innandørs-VM i Barcelona, 10 cm framom Yoelbi Quesada frå Cuba. Under verdsmeisterskapen 1995 kneip Wellman sølvmedaljen, 3 cm føre nummer 3 og 4 i tevlinga.
I 1996 enda Wellman på sjetteplass ved OL i Atlanta. Etter OL-sesongen 1996 hoppa han for kort til å melde seg på i medaljestriden i dei største meisterskapane. Høgst på resultatlista kom han ved VM 1997 der han vart nummer fem, i VM 2001 kom han på sjetteplass.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- OL 1988 i Seoul: Utslått i kvalifiseringa (15,47 m=nr34)
- VM 1991 i Tokyo: Nr 6 – 16,98 m
- OL 1992 i Barcelona: Nr 5 – 17,24 m
- VM 1993 i Stuttgart: Nr 8 – 17,12 m
- VM 1995 i Göteborg: Sølvmedalje – 17,62 m, bakom Jonathan Edwards (18,29 m)
- OL 1996 i Atlanta: Nr 6 – 16,95 m
- VM 1997 i Aten: Nr 5 – 17,22 m
- VM 1999 i Sevilla: Utslått i kvalifiseringa (16,45 m=nr 24)
- OL 2000 i Sydney: Utslått i kvalifiseringa (16,47 m=nr 20)
- VM 2001 i Edmonton: Nr 6 – 16,81 m
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Brian Wellman» frå Wikipedia på tysk, den 13. august 2020.
- Denne artikkelen bygger på «Brian Wellman» frå Wikipedia på engelsk, den 13. august 2020.