Cahul
Cahul | ||
---|---|---|
| ||
Styresmakter | ||
Land Distrikt |
Moldova Cahul | |
Geografi | ||
Flatevidd | 33,91 km² | |
Innbyggjarar - Kommune (2014) - Byområde |
30 018[1] 35 488 (2004)[2] | |
Koordinatar | 45°54′N 28°12′E / 45.900°N 28.200°E | |
Høgd over havet | 119 m | |
Tidssone | EET (UTC+2) | |
Diverse anna | ||
Heimeside: www.cahul.net | ||
Plassering | ||
Cahul (russisk Кагул, Kagul) er ein by sør i Moldova med om lag 30 000 innbyggjarar. Han var ein mindre bykommune (oraș) innanfor distriktet Cahul og hovudsete i distriktet. I 2016 fekk Cahul status som municipiu, men utan å bli rekna på distriktsnivå.[3][4]
Byen har vore busett i mange hundreår, men har hatt forskjellige namn opp gjennom tidene. I 1502 vart byen kalla Șcheia og i 1716 Formoza. Det moderne namnet vart gjeve til byen etter slaget ved Kagul som vart utkjempa i nærleiken.
Byen har ofte vore åstad for kamphandlingar mellom forskjellige statar og har ofte skiftar eigarskap mellom land som Moldavia, Russland og Det osmanske riket. Byen var ein del av fyrstedømet Moldavia før 1812, så Det russiske keisardømet frå 1812 til 1856, og så igjen Moldavia/Romania (1856-1878), Russland (1878-1918), Romania (1918-1940) og så Sovjetunionen (1940-1941), Romania igjen og Sovjetunionen 1941-1991. Sidan 1991 har byen vore ein del av Moldova. Cahul er òg kjend for varmekjeldene her og for folkemusikken.
Folketal
[endre | endre wikiteksten]Kommunen har desse busetnadene. For 2014 er det ikkje offentleggjort detaljerte resultat for busetnadene.
Folketal 2004[2] | Folketal 2014[1] | |
---|---|---|
Cahul | 35 488 | – |
Cotihana | 1 317 | – |
Kommunen Cahul | 36 805 | 30 018 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Cahul» frå Wikipedia på engelsk, den 5. februar 2008.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 «Rezultatele Recensământului Populației și al Locuințelor 2014 (RPL2014) (Resultat av folke- og bustadteljinga 2014 RPL2014))». Biroul Național de Statistică al Republicii Moldova. Henta 19. oktober 2024.
- ↑ 2,0 2,1 «Recensământul populației 2004: Populația pe medii, localități și sexe (Folketeljing 2004: Folketal etter område, lokalitet og kjønn)». Biroul Național de Statistică al Republicii Moldova. Henta 19. oktober 2024.
- ↑ «Lege Nr. 764 din 27-12-2001 privind organizarea administrativ-teritorială a Republicii Moldova (Lov nr. 764 av 27. desember 2001 om administrativ-territoriell organisering i Republikken Moldova)». Ministerul Justiției (Justisdepartementet). 29. januar 2002. Henta 17. oktober 2024.
- ↑ «Lege Nr. 248 din 03-11-2016 pentru modificarea și completarea Legii nr. 764-XV din 27 decembrie 2001 privind organizarea administrativ-teritorială a Republicii Moldova (Lov nr. 248 av 3. november 2016 om endring av og tillegg til Lov nr. 764-XV av 27. desember 2001 om administrativ-territoriell organisering i Republikken Moldova)». Ministerul Justiției (Justisdepartementet). 13. januar 2017. Henta 18. oktober 2024.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- cahulfest.net Arkivert 2012-05-29 ved Wayback Machine.
- kagul.ru