Falling in Love Again (Can't Help It)
Falling in Love Again Singel av Kevin Ayers frå albumet Yes We Have No Mañanas (So Get Your Mañanas Today) | ||
B-side |
«Everyone Knows the Song» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Februar 1976 | |
Sjanger | Rock | |
Selskap | Island WIP6271 & Harvest | |
Komponist | Friedrich Hollaender | |
Tekstforfattar | Friedrich Hollaender | |
Produsent | Muff Winwood | |
Kevin Ayers-kronologi | ||
Falling in Love Again | «Star» (1977)
|
«Falling in Love Again (Can't Help It)» er det engelske namnet på ein tysk song frå 1930, komponert av Friedrich Hollaender som Ich bin von Kopf bis Fuß auf Liebe eingestellt. Songen vart opphavleg framført i filmen Der Blaue Engel av Marlene Dietrich, som òg spelte den mest kjende engelske versjonen av songen. Den engelske teksten var skriven av Sammy Lerner, men er på ingen måte ein direkte omsetjing av originalen.
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]The Beatles-versjonen
[endre | endre wikiteksten]«Falling in Love Again» vart spelt på konsert av The Beatles i 1962 då dei heldt til i Hamburg. Den einaste innspelinga finst på albumet The Beatles, Live at the Star Club, in Hamburg, 1962, med Paul McCartney på solovokal. The Beatles hadde oppdatert melodien til rock-'n'-roll-stil med endringar i teksten.
Kevin Ayers-versjonen
[endre | endre wikiteksten]«Falling in Love Again» var den siste utgjevinga til Kevin Ayers på Island Records, gjeven ut som singel. B-sida «Everyone Knows the Song», var skriven av Ayers. Etter han gav ut denne singelen signerte Ayers til Harvest Records og begge songane kom ut på albumet Yes We Have No Mañanas (So Get Your Mañanas Today) frå 1976.
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]- The Adicts under namnet ADX.
- Christina Aguilera i 2010 for filmen The Spirit
Andre artistar som har spelt inn songen er mellom andre Comedian Harmonists (på tysk som «Wir sind von Kopf bis Fuß auf Liebe eingestellt», kring 1930); Zarah Leander (1931, på svensk); Billie Holiday (1940); Doris Day (1961); Sammy Davis, Jr. (1962); The Beatles (1962, på The Star Club, finst på albumet First Live Recordings); Nina Simone (1966); Claudine Longet (1968); The Techno Twins (1981); Klaus Nomi (1982); William S. Burroughs (1990, på tysk); Marienne Faithfull (1997); Bryan Ferry (1999); The Puppini Sisters (2006); Michael Lutzeier (2008) og Theo Bleckmann (2008).
Madonna song eit par linjer av songen under The Girlie Show Tour i 1993. Han vart òg sungen av Lieutenant Gruber i ein episode av situasjonskomedien 'Allo 'Allo!.
Linda Ronstadt spelte inn songen med Nelson Riddle for albumet Lush Life (1984)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Falling in Love Again (Can't Help It)» frå Wikipedia på engelsk, den 18. april 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: