Hopp til innhald

Glykosylering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Glykosylering eller glykosidering er den kovalente festinga av karbohydrat til andre molekyl, som protein (glykoprotein), lipid (glykolipid), polynukleotid og andre organiske sambindingar. Reaksjonen vert katalysert av glykosyltransferasar. Eit einskild protein kan ha ulike glykosyleringar, og desse avbrigda vert kalla glykoformer.[1]

Glykosylering finst både hjå eukaryotar, arkar og bakteriar.[2] Hjå eukaryotar hender mange viktige glykosyleringar i endoplasmatisk retikulum-golgi-stigen.[3]

Ved N-glykosylering av protein vert karbohydratet fest til ein asparaginrest i proteinet.[4] Ved O-glykosylering er karbohydratet fest til serin- eller treoninrestar i proteinet.[5]

Defektar i glykosylering var i 2015 rekna som opphav til 100 sjukdomar.[6]

  1. Varki, A; Cummings, R. D.; Esko, J. D.; Freeze, H. H.; Stanley, P; Bertozzi, C. R.; Hart, G. W.; Etzler, M. E. (2009). Essentials of Glycobiology. PMID 20301239. 
  2. Essentials of Glycobiology, kapittel 19
  3. Essentials of Glycobiology, kapittel 3
  4. Essentials of Glycobiology, kapittel 8
  5. Essentials of Glycobiology, kapittel 9
  6. Hennet, Thierry; Cabalzar, Jürg (2015). «Congenital disorders of glycosylation: A concise chart of glycocalyx dysfunction». Trends in Biochemical Sciences 40 (7): 377. PMID 25840516. doi:10.1016/j.tibs.2015.03.002. 
Spire Denne biokjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.