Grisefjorden
Utsjånad
Grisefjorden | |||
Flekkefjord sentrum ved det smale sundet
der elva går mellom Lafjord og Grisefjorden. | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Grisefjorden 58°18′54″N 6°39′40″E / 58.31489944°N 6.66114807°E |
Grisefjorden er ein del av Stolsfjorden i Flekkefjord kommune. Han er den delen av fjorden som ligg innom Flekkefjord by. Grisefjorden ligg nord for bysenteret innom sundet Elva som går gjennom byen. På sørsida av sundet heiter fjorden Lafjord.
Frå sundet i sentrum av Flekkefjord og nordover til grenda Loga inst i fjorden er Grisefjorden om lag 2,5 km lang. I Grisefjorden går Austadvika søraustover mellom Uenes og Drangeid. På andre sida av Drangeid ligg vatnet Selura.
Namn
[endre | endre wikiteksten]Fjorden har namn etter holmen Grisen som ligg i fjorden.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Ole Bernt Syvertsen (1997). «Grisefjorden». I Jørn Sandnes, Ola Stemhaug. Norsk stadnamnleksikon (4. utg.). Oslo: Samlaget. s. 183. ISBN 9788252149050.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Fotografi av Flekkefjord og Grisefjorden i 1902 teke av Anders Beer Wilse.
- «Flekkefjord». Den Norske los. 2B : Farvannsbeskrivelse Langesund - Jærens rev (5. revidert utg.). Stavanger: Norges sjøkartverk. 1993. s. 337-342. ISBN 8290653042.