Ice in the Sun
Utsjånad
Ice in the Sun Singel av Status Quo frå albumet Picturesque Matchstickable Messages from The Status Quo | ||
B-side |
«When My Mind Is Not Live» | |
---|---|---|
Utgjeve | 1968 | |
Innspelt | 1968 | |
Sjanger | Psykedelisk rock | |
Lengd | 2:14 | |
Selskap | Pye Records | |
Låtskrivar(ar) | Marty Wilde Ronnie Scott | |
Produsent | John Schroeder | |
Status Quo-kronologi | ||
«Black Veils of Melancholy» (1968) |
Ice in the Sun | «Make Me Stay a Bit Longer» (1969)
|
«Ice in the Sun» er ein song av Status Quo. Songen vart spelt inn i 1968 og kom ut på albumet Picturesque Matchstickable Messages from The Status Quo i august det året.[1]
«Ice in the Sun» vart gjeven ut på singel i Storbritannia i august 1968.[1] Songen er skriven av Marty Wilde og Ronnie Scott (ikkje den kjende jazzmusikaren) og var produsert av John Schroeder.[2] Songen var den andre hitsingelen til Status Quo.[3]
Songen nådde åttandeplassen på UK Singles Chart, og låg tolv veker inne på lista,[3] og nådde 29. plassen på den kanadiske RPM-lista. I USA nådde songen 70. plassen på Billboard Hot 100[4] og vart den siste singelen deira på lista der.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Ice in the Sun» frå Wikipedia på engelsk, den 2. oktober 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Strong, Martin C. (2000). The Great Rock Discography (5th utg.). Edinburgh: Mojo Books. s. 927–929. ISBN 1-84195-017-3.
- ↑ «Album review by Robert Aniento». Allmusic.com. Henta 2. oktober 2018.
- ↑ 3,0 3,1 Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 526. ISBN 1-904994-10-5.
- ↑ «Status Quo Ice In The Sun Chart History».