Ida-Viru maakond
Utsjånad
Ida-Viru | |||
fylke | |||
|
|||
Land | Estland | ||
---|---|---|---|
Hovudstad | Jõhvi | ||
Areal | 2 971,55 km² | ||
Folketal | 133 358 (1. januar 2023)[1] | ||
Ida-Viru maakond 59°13′00″N 27°18′00″E / 59.216666666667°N 27.3°E | |||
Kart som viser Ida-Viru maakond.
| |||
Wikimedia Commons: Ida-Viru County |
Ida-Viru maakond eller Ida-Virumaa er eit av dei 15 fylka i Estland. Det ligg i den nordvestlege delen av landet og grensar til Lääne-Viru maakond i vest, Jõgeva maakond i sør og den russiske provinsen Leningrad oblast i aust.
Hovudstaden i fylket er småbyen Jõhvi, som har felles administrasjon med kommunen Jõhvi vald. 13 % av folkesetnaden i Estland bur i Ida-Viru maakond, og 70,8 % av folkesetnaden i fylket er russarar.
Fylket har ein stor førekomst av oljeskifer, som er det mineralet det vert utvunne mest av i Estland. Sidan oljeskifer vert brukt i varmekraftverk, inneheld berggrunnen i Estland bokstavleg tala den største kraftkjelda i landet.
Kommunar
[endre | endre wikiteksten]Fylket er delt inn i 22 kommunar, der 6 av dei er bykommunar og 16 landkommunar.
Bykommunar[endre | endre wikiteksten]
Landkommunar[endre | endre wikiteksten] |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 https://andmed.stat.ee/en/stat/rahvastik__rahvastikunaitajad-ja-koosseis__rahvaarv-ja-rahvastiku-koosseis/RV0240; vitjingsdato: 28. juli 2023.