Inishvickillane
Utsjånad
Inishvickillane Lokalt namn Inis Mhic Uileáin | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Atlanterhavet |
Koordinatar | 52°03′N 10°36′W / 52.050°N 10.600°W |
Øygruppe | Blasketøyane
|
Høgaste punkt | Inishvickillane (135 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Republikken Irland |
Grevskap | Kerry
|
Demografi | |
Folketal | 0
|
Inishvickillane, òg kalla Inishvickillaun eller Inishvickillaune, (Inis Mhic Uileáin på irsk) er ein av Blasketøyane i County Kerry i Irland. Innbyggjarane på Blasketøyane brukte å kalla ho The Inis.[1] Inishvickillane var busett i periodar på 1800-talet og tidleg på 1900-talet av ein eller fleire familiar. Det er mange ruinar av gamle steinbygningar på øya og eit hus vart bygd i 1970-åra av tidlegare taoiseach (statsminister) Charles Haughey, som eigde øya og nytta ho som feriestad.
Inishvickillane har viktige koloniar med sjøfugl, særleg viktig er havhest, havsvale og lundefugl. Ein flokk med kronhjort vart sett ut på øya av Haughey.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Inishvickillane» frå Wikipedia på engelsk, den 15. oktober 2007.
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ J. & R. Stagles, The Blasket Islands: Next Parish America. O'Brien Press, Dublin, 1980