Jens Kobro
Jens Kobro | |||
Fødd | 20. august 1882 | ||
---|---|---|---|
Død | 14. mai 1967 (84 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Venstre | ||
Yrke | politikar, jurist | ||
Far | Karl Mathias Kobro | ||
Alle verv |
|
Jens Isak de Lange Kobro (20. august 1882–14. mai 1967) var ein norsk jurist, offiser og politikar for partiet Venstre. Han var forsvarsminister i Mowinckel III-regjeringa.
Kobro var son til ein prest. Han tok studenteksamen ved Hauges Minde i Kristiania i 1900 og vart vernepliktig offiser i 1901. Sidan studerte han jus og vart cand.jur. i 1906. Frå 1907 til-09 var han assistent hos Politimeisteren i Senja og Steigen, stasjonert i Harstad. 1909-12 var han eidsvoren fullmektig hos Sorenskrivaren i Hammerfest, der han ei tid var fungerande politimeister. Premierløytnant i 1914 og bysekretær i Haugesund 1915-17. Perioden 1917-23 var Kobro politimeister i Vardø og 1923-47 sorenskrivar i Malangen. Han avslutta arbeidslivet som sorenskrivar i Lillesand 1947-52.
Kobro var bystyremedlem i Vardø 1923-25 og i Tromsø 1929-37, ordførar i Tromsø 1929-32 og ein kort periode etter frigjeringa i 1945. I Vardø var han 1920-23 styreformann i den lokale sparebanken og i Tromsø formann 1931-38 i representantskapet til Tromsø Forretningsbank.
Valperiodane 1931-33 og 1934-36 var Kobro stortingsrepresentant frå byane i Nord-Noreg, men frå våren 1933 og i to år framover hadde han plass i statsrådet under statsminister Johan Ludwig Mowinckel.
Gravlagd i Lillesand.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Biografisk informasjon om Jens Kobro NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv
- Einskildmenn
- Fødde i 1882
- Døde i 1967
- Norske forsvarsministrar
- Venstrestatsrådar
- Statsrådar i Regjeringa Mowinckel III
- Stortingsrepresentantar 1931-1933
- Stortingsrepresentantar 1934-1936
- Stortingsrepresentantar frå Venstre
- Stortingsrepresentantar for byane i Nordland, Troms og Finnmark
- Ordførarar i Tromsø
- Venstreordførarar i Troms
- Lokalpolitikarar i Vardø
- Venstrepolitikarar i Finnmark
- Norske politimeistrar
- Norske offiserar