Hopp til innhald

Johann Wolfgang von Goethe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johann Wolfgang von Goethe

Statsborgarskap Sachsen-Weimar-Eisenach
Fødd 28. august 1749
Frankfurt am Main
Død

22. mars 1832 (82 år)
Weimar

Yrke teatersjef, botanikar, politikar, kunstmålar, filosof, teolog, jurist, kunstkritikar, musikkritikar, bibliotekar, lyrikar, reiseforfattar, fysikar, litterat, romanforfattar, skodespelforfattar, sjølvbiograf, diplomat, statsmann, polyhistor, aforismeforfatter, dagbokskrivar, mineralog, zoolog, kunstteoretiker, advokat, komponist, librettist, skribent, biletkunstnar, kunsthistorikar
Språk tysk
Sjanger lyrikk, drama, tragedie
Medlem av Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina, Akademie gemeinnütziger Wissenschaften, Det bayerske vitskapsakademiet, Göttingens vitenskapsakademi, Det prøyssiske vitskapsakademiet, Deutsches Archäologisches Institut, frimureri, Zentral-Dombau-Verein zu Köln, Schlesische Gesellschaft für vaterländische Kultur, Towarzystwo Warszawskie Przyjaciół Nauk, Det russiske vitskapsakademiet, Schlesische Gesellschaft für vaterländische Kultur, Sächsischer Kunstverein, Arcadian Academy
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Far Johann Caspar Goethe
Mor Catharina Elisabeth Goethe
Ektefelle Christiane von Goethe
Born August von Goethe
Signatur
Johann Wolfgang von Goethe på Commons

Johann Wolfgang von Goethe (28. august 174922. mars 1832) var ein tysk forfattar, politikar, humanist og vitskapsmann. Han var ein ragande figur under romantikken og innan tysk litteratur som skreiv dikt, romanar, skodespel og filosofiske verk. Han er særleg kjend for verk som Die Leiden des jungen Werthers, Wilhelm Meisters Lehrjahre og Faust.

Goethe var ein leiande figur i tysk litteratur seint på 1700-talet og ved byrjinga av 1800-talet. Han høyrde til Weimar-klassisismen, ein retning som hadde band til opplysingstida, Empfindsamkeit ('Sentimentalitet'), «Sturm und Drang» og romantikken. Verka hans blei spreidde i heile Europa og var ein viktig inspirasjonskjelde for musikk, litteratur og filosofi. Goethe påverka tyske filosofar som Hegel og Schelling, men også den britiske vitskapsmannen Charles Darwin.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Johann Wolfgang von Goethe