John Shanks
John Shanks | |||
| |||
Fødd | 18. desember 1964 (59 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | New York by | ||
Fødenamn | John Matthew Shanks | ||
Opphav | USA | ||
Sjanger | Rock, countryrock, pop-rock | ||
Instrument | gitar | ||
Verka som | gitarist, låtskrivar, plateprodusent |
John Matthew Shanks (fødd 18. desember 1964) er ein USA-amerikansk musikar, låtskrivar og produsent.[1]
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Shanks byrja å spele i bandet til Melissa Etheridge i 1988 og turnerte med ho i fleire år. Shanks byrja å skrive musikk for andre artistar tidleg i 1990-åra, mellom andre for Bonnie Raitt, Joe Cocker og Tuck & Patti. Han fekk òg den første forlagsavtalen sin.
Shanks spelte igjen med Etheridge i 1995 då dei samarbeidde på songane hennar for Your Little Secret. Han har arbeidd med ho i fleire år etter det og vore medprodusent på albumet Breakdown i 1999. Breakdown vart nominert til fire Grammy-prisar.
I 2001 produserte Shanks fleire songar for Stevie Nicks-albumet Trouble in Shangri-La og var medlåtskrivar på den første singelen «Every Day», med Damon Johnson.
I januar 2001 arbeidde Shanks med Michelle Branch. I lag skreiv dei fire songar for hitalbumet The Spirit Room, mellom anna den første singelen, «Everywhere». Han produserte òg albumet. Seinare det året var Shanks medlåtskrivar på Sheryl Crow-singelen «Steve McQueen».
Shanks byrja å arbeide med Take That i 2005 på comebackalbumet deira Beautiful World, og han produserte òg det neste albumet deira The Circus i 2008.
Shanks har òg produsert eller skrive for SHeDAISY, Carlos Santana, Celine Dion, Sting, The Corrs, Chris Isaak, Vertical Horizon, Hanson, Unwritten Law, Will Hoge, Stroke 9, Hilary Duff, Keith Urban, Alanis Morissette og Take That. Han produserte Ashlee Simpson-albumet Autobiography i 2004 og var medlåtskrivar på ti av tolv songar på albumet med Simpson. Same året produsert Shanks tre songar for Kelly Clarkson-albumet Breakaway, inkludert tittelsporet «Breakaway», og han arbeidde med Anastacia på to songar for albumet hennar Anastacia, mellom anna singelen «Welcome To My Truth».
Shanks vann Grammy-prisen for årets produsent i 2005 for arbeidet sitt med Autobiography, Kelly Clarkson-songen «Breakaway», Hilary Duff sin «Fly», Robbie Robertson sin «Shine Your Light» og Alanis Morissette-albumet So-Called Chaos.[2] Clive Davis skildra Shanks som «opphavet til den gitardrivne popstilen», som arbeidet hans med Branch, Clarkson, Duff og Simpson syner med bruk av mange akustisk gitarar i motsetnad til den synthesizer-baserte stilen i popmuskken på denne tida.[3]
I 2005 produserte Shanks Ashlee Simpson-albumet I Am Me, og var medlåtskrivar på alle songane på albumet. Shanks arbeidde òg i 2005 på Backstreet Boys-albumet Never Gone og Bon Jovi sitt Have a Nice Day.
I januar 2011 byrja Shanks å arbeide med rockebandet Van Halen og albumet A Different Kind of Truth.
Utvald diskografi
[endre | endre wikiteksten]Produksjon
[endre | endre wikiteksten]- 1998: Ask Anybody av Swirl 360
- 1999: Breakdown av Melissa Etheridge
- 2000: If These Walls Could Talk 2 av Various Artists (soundspor)
- 2000: Sooner or Later av BBMak
- 2000: Bounce
- 2000: Now You See Inside av SR-71
- 2000: A Life of Saturdays av Dexter Freebish
- 2001: Sweet November
- 2001: Trouble in Shangri-La av Stevie Nicks
- 2001: The Spirit Room av Michelle Branch
- 2002: Surrender av Laura Pausini
- 2002: Elva av Unwritten Law
- 2002: Always Got Tonight av Chris Isaak
- 2002: C'mon C'mon av Sheryl Crow
- 2002: Rip It Off av Stroke 9
- 2003: Say You Will av Fleetwood Mac
- 2003: Hotel Paper av Michelle Branch
- 2003: Falling Uphill av Lillix
- 2003: Go av Vertical Horizon
- 2003: Strays av Jane's Addiction
- 2003: Metamorphosis av Hilary Duff
- 2003: The Very Best of Sheryl Crow av Sheryl Crow (greatest hits)
- 2004: Lucky av Melissa Etheridge
- 2004: Anastacia av Anastacia
- 2004: So-Called Chaos av Alanis Morissette
- 2004: Autobiography av Ashlee Simpson
- 2004: Hilary Duff av Hilary Duff
- 2004: Breakaway av Kelly Clarkson
- 2004: Blue Skies av Diana DeGarmo
- 2004: Be Here av Keith Urban
- 2004: Underneath av Hanson
- 2004: Speak av Lindsay Lohan
- 2005: Never Gone av Backstreet Boys
- 2005: Most Wanted av Hilary Duff (compilation)
- 2005: Have a Nice Day av Bon Jovi
- 2005: Wildflower av Sheryl Crow
- 2005: I Am Me av Ashlee Simpson
- 2005: Somebody's Miracle av Liz Phair
- 2005: Greatest Hits: The Road Less Traveled av Melissa Etheridge (greatest hits)
- 2005: The Collection av Alanis Morissette (greatest hits)
- 2005: Pieces of a Dream av Anastacia
- 2005: The Real Thing av Bo Bice
- 2006: Fortuneteller's Melody av SHeDAISY
- 2006: Stand Still, Look Pretty av The Wreckers
- 2006: Beautiful World av Take That
- 2007: Taking Chances av Céline Dion
- 2007: In This Life av Delta Goodrem
- 2007: Unbreakable av Backstreet Boys
- 2007: Greatest Hits av Sara Evans
- 2007: Lost Highway av Bon Jovi
- 2007: E² av Eros Ramazzotti
- 2008: Do You Know av Jessica Simpson
- 2008: The Circus av Take That
- 2009: Mr. Lucky av Chris Isaak
- 2009: The Time Of Our Lives av Miley Cyrus
- 2009: The Circle av Bon Jovi
- 2009: To Love Again av Alesha Dixon
- 2010: Fearless Love av Melissa Etheridge
- 2010: Can't Be Tamed av Miley Cyrus
- 2010: Gravity av Westlife
- 2010: Sparks Fly av Miranda Cosgrove
- 2012: A Different Kind of Truth av Van Halen
- 2012: Josh Doyle av Josh Doyle
- 2012: Child of The Universe av Delta Goodrem
- 2013: What About Now av Bon Jovi
Låtskrivar
[endre | endre wikiteksten]- 1997: «Only When I Sleep» av The Corrs
- 1998: «Hey Now Now» av Swirl 360 (US #18)
- 1999: «Angels Would Fall» av Melissa Etheridge (US #51)
- 1999: «Truth of the Heart» av Melissa Etheridge
- 2000: «Empty Spaces» and «Fame» av Sr-71
- 2001: «Everywhere» av Michelle Branch (US #12 UK #18)
- 2002: «Steve McQueen» av Sheryl Crow
- 2002: «Somebody Like You» av Keith Urban (US #23)
- 2003: «Are You Happy Now?» av Michelle Branch (US #16 UK #31)
- 2003: «Breathe» av Michelle Branch (US #36)
- 2003: «Love Me Like That» av Michelle Branch
- 2003: «Come Clean» av Hilary Duff
- 2004: «Light in Your Eyes» av Sheryl Crow
- 2004: «Come Home Soon» av SHeDAISY (US Country #14)
- 2004: «Pieces of Me» av Ashlee Simpson (US #5 UK #4)
- 2004: «Shadow» av Ashlee Simpson (US #57)
- 2004: «La La» av Ashlee Simpson (US #86 UK #11)
- 2005: «Have A Nice Day» av Bon Jovi (US #53 UK #6)
- 2005: «Welcome to Wherever You Are» av Bon Jovi (UK #19)
- 2005: «I'm Feeling You» av Santana and The Wreckers (US #55)
- 2005: «Boyfriend» av Ashlee Simpson (US #19 UK #12)
- 2005: «L.O.V.E.» av Ashlee Simpson (US #22)
- 2006: «I'm Taking the Wheel» av SHeDAISY (US Country #22)
- 2006: «Kickin' In» av SHeDAISY
- 2006: «Whatever It Takes» av SHeDAISY
- 2006: «Out of My Mind» av SHeDAISY
- 2006: «Healing Side» av SHeDAISY
- 2006: «Again and Again» av Jewel (US #80)
- 2006: «Patience» av Take That (UK #1)
- 2007: «Lost Highway» av Bon Jovi
- 2006: «Reach Out» av Take That
- 2008: «Pocketful of Sunshine» av Natasha Bedingfield (US #5)
- 2009: «Heart on My Sleeve» av Michael Johns
- 2009: «Sooner or Later» av Michelle Branch
- 2009: «The Climb» av Miley Cyrus (US #4), òg spelt inn av Joe McElderry (UK #1)
- 2009: «Brokenpromiseland» av Bon Jovi
- 2010: «When I Look at You» av Miley Cyrus and David Bisbal (US Billboard Hot 100 #16)
- 2010: «Safe» av Westlife (UK #10)
- 2010: «Me & My Jealousy», «Weightless» av Lee DeWyze
- 2011: «All That You Are» av Goo Goo Dolls
- 2011: «Lighthouse (song)» av Westlife (UK #32)
- 2013: «Maybe You're Right» av Miley Cyrus
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «John Shanks» frå Wikipedia på engelsk, den 13. august 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «More Mr. Nice Guy». Billboard. 21. mai 2005. s. 24.
- ↑ «GRAMMYS 2005 : Nominees». VH1.com. Arkivert frå originalen 29. juni 2011. Henta 13. august 2015.
- ↑ «Interview: John Shanks Discusses Producing Van Halen's New Album, 'A Different Kind Of Truth'». gitar World. 14. august 2013. Henta 13. august 2015.