Julemerke
Utsjånad
Julemerke er eit spesielt frimerkeliknande klistremerke, som er nytta til juleposten. Det var opphavleg oppfunne for å samle inn pengar til barn med tuberkulose. I motsetnad til julefrimerke har eit julemerke ingen frankeringsverdi.
Det første julemerket var dansk og vart sendt ut den 6. desember 1904 etter en idé av postmeistar Einar Holbøll. I Noreg har det tradisjonelt vore religiøse og humanitære organisasjonar som har sendt ut julemerke, mellom andre Norske Kvinners Sanitetsforening, Den Norske Sjømannsmisjon og Norges Røde Kors. Julemerker kom på marknaden i Noreg i 1906.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Knut Anders Berg, Liv Berit Tessem og Kjetil Wiedswang: Julen i norsk og utenlandsk tradisjon, Gyldendal , 1993