Kristin Krohn Devold
Kristin Krohn Devold | |||
Kristin Krohn Devold i 2006 | |||
Fødd | 12. august 1961 (63 år) Ålesund kommune | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre | ||
Yrke | politikar | ||
Utdanna ved | Norges handelshøyskole Universitetet i Bergen | ||
Mor | Kristin K. Devold | ||
Verv | Norsk forsvarsminister 19. oktober 2001–17. oktober 2005 | ||
Føregangar | Bjørn Tore Godal | ||
Etterfylgjar | Anne-Grete Strøm-Erichsen | ||
Verv | Stortingsrepresentant 1993–2005 | ||
Alle verv |
|
Kristin Margrethe Krohn Devold (fødd 12. august 1961 i Ålesund) er ein norsk politikar og organisajonskvinne.
Ho er utdanna siviløkonom frå Norges Handelshøyskole (1985), og starta politikarkarrieren sin som næringspolitisk rådgjevar for stortingsgruppa til Høgre i åra 1987–1992. Deretter var ho bystyremedlem for Høgre i Oslo frå 1992 til 1995, var kommunalråd frå 1992 til 1993 og heldt fram på Stortinget frå 1993 til 2005. Der sat ho i Næringskomitéen (1993–1997), var leiar i Justiskomitéen (1997–2001) og var til slutt medlem av Valkomitéen ei kort stund (2001). Ho var forsvarsminister i regjeringa Bondevik II frå 2001 til 2005. 18. januar 2006 vart ho generalsekretær i Den Norske Turistforening. I mai 2008 vart Krohn Devold vald til styremedlem i Terra-Gruppen for å bidra til å gjenopprette tilliten til dette finanskonsernet. Krohn Devold er også nestleiar i styret i Hexagon Composites ASA og styremedlem i allmennaksjeselskapa Aker, Aker Floating Production, Odim og Comrod Communication.
Kritikk
[endre | endre wikiteksten]Devold fekk til dels mykje kritikk i media og frå politiske motstandarar då ho var forsvarsminister. Ho vart mellom anna ofte skulda for å vere for ukritisk til den amerikanske utanrikspolitikken og USA sin forsvarsminister Donald Rumsfeld. Det vekte mykje rabalder då ho hjå Fredrik Skavlan i programmet Først & sist 1. november 2002 sa at ho ikkje hadde kontroll som forsvarsminister.[1]
Devold fekk også sterk kritikk for utnemninga av Atle Torbjørn Karlsvik som kontraadmiral i Statsråd 2. september 2005, då det vart stilt spørsmål om ho var inhabil grunna venskapen sin med Karlsvik. Utnemninga kom få veker før Krohn Devold gjekk av som forsvarsminister, og organisasjonane i Forsvaret var svært kritiske til utnemninga, som også vart gjord utan tilslutnad frå dei militære sjefane.
Utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]I 2005 vart Devold utnemnd til kommandør av St. Olavs orden. Ho vart same året tildelt den polske fortenstordenen. I 2004 vart Devold tildelt ein latvisk medalje for å ha fremja latvisk medlemskap i NATO.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Kristin Krohn Devold på Wikipedia på bokmål og riksmål, innhenta 2. mars 2009.
- Knut Olav Åmås [red.]: «Devold, Kristin Krohn» i Hvem er hvem? (Aschehoug, 2008).
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Kraftig reaksjon etter TV-opptreden» av NTB på VG.no (01.11.2002).
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Biografi på Stortinget.no
- «Ny generalsekretær i DNT Arkivert 2007-03-28 ved Wayback Machine.» – nyhendeoppslag på nettsidene til DNT
- Einskildkvinner
- Fødde i 1961
- Norske forsvarsministrar
- Statsrådar i Regjeringa Bondevik II
- Høgrestatsrådar
- Stortingsrepresentantar 1993-1997
- Stortingsrepresentantar 1997-2001
- Stortingsrepresentantar 2001-2005
- Stortingsrepresentantar frå Høgre
- Stortingsrepresentantar for Oslo
- Høgrepolitikarar i Oslo
- Den Norske Turistforening
- St. Olavs Orden
- Norske siviløkonomar
- Folk frå Ålesund