Hopp til innhald

Limerick

Koordinatar: 52°39′55″N 8°37′26″W / 52.66528°N 8.62389°W / 52.66528; -8.62389
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For diktforma, sjå limerickvers.
Limerick
King John's Castle på sørsida av elva Shannon
King John's Castle på sørsida av elva Shannon
King John's Castle på sørsida av elva Shannon
Byvåpenet til Limerick
Byvåpenet til Limerick
Motto
«Urbs Antiqua Fuit Studiisque Asperrima Belli»
(Ein eldgamal by godt øvd i krigskunsten)
Plassering
Limerick is located in
Styresmakter
Land
Provins
Grevskap
Irland Irland
Munster
County Limerick
Grunnlagd 812
Geografi
Flatevidd
 - By

20,79 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2006)
   - folketettleik
 - Byområde
 - Storbyområde

90 778
  4 366/km²
52 560
128 996
Koordinatar 52°39′55″N 8°37′26″W / 52.66528°N 8.62389°W / 52.66528; -8.62389
Diverse annan informasjon
Heimeside: www.limerickcity.ie

Limerick (irsk Luimneach) er den tredje største byen i Republikken Irland. Han er administrasjonssete i County Limerick i provinsen Munster midt på vestkysten av Irland. Byen ligg ved elva Shannon og har litt over 90 000 innbyggjarar med om lag 130 000 innbyggjarar i storbyområdet.

Luimneach var opphavleg eit namn på området ved breidda av Shannon-estuaret, som vart kalla Loch Luimnigh. Dei tidlegaste busetjingane i området var på øya Inis Sibhtonn i tida før vikingar kom til staden. Denne øya vart òg kalla Inis an Ghaill Duibh.

Sjølve byen vart grunnlagd av vikingar i 812. Normannarane bygde om byen på 1100-talet med bygg som King John's Castle og St Mary's Cathedral. Under borgarkrigane på 1600-talet hadde byen ei viktig rolle og vart omleira av Oliver Cromwell i 1651 og to gonger av vilhelmittane i 1690-åra. Limerick voks seg rik gjennom handel på 1700-talet, men Act of Union i 1800 og den store hungersnøden førte til ein økonomisk nedgang som først vart avbrote ved den såkalla keltiske tigeren i 1990-åra.

Limerick vart forbunde til jerbanelinja mellom Dublin og Cork i 1848 og til Waterford i 1853. Opninga av sidespor i 1850- og 1860-åra utvikla Limerick til eit kommunikasjonssenter i regionen.

  • The History of Limerick City, av Sean Spellissy (1998)

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Limerick