Hopp til innhald

Mani Hussaini

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mani Hussaini

Fødd25. oktober 1987 (37 år)
Qamishli
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarane si ungdomsfylking
Yrkepolitikar
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
Alle verv
  • vararepresentant til Stortinget (2013–2017)
  • vararepresentant til Stortinget (2017–2021)
  • stortingsrepresentant (2021–) Sjå dette på Wikidata

Mani Hussaini (fødd 25. oktober 1987) er ein syrisk-norsk politikar, fødd i Qamishli i Syria. Han er sidan 2021 stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet, vald frå Akershus fylke. Perioden 2014-18 var han leiar i Arbeidernes ungdomsfylking (AUF).

Hussaini kom til Noreg som flyktning med foreldra sine i 1999. I 2006 melde han seg inn i AUF. Etter den tid representerte han Arbeidarpartiet i høvesvis Ullensaker kommunestyre og Akershus fylkesting. Ved stortingsvalet i 2021 vart han som partiet sin femtekandidat i Akershus vald inn på Stortinget. På Tinget er han medlem i Energi- og miljøkomiteen.