Markland
Utsjånad
Markland ('skoglandet') er eit gammalt norrønt namn på kyststrekningar av Nord-Amerika, truleg austkysten av Labrador.
Etter sogetradisjonen blei Markland først sett av islendingen Bjarne Herjolfsson då han kom ut av kurs på veg til Grønland. Han gjekk ikkje i land. Markland fekk namn av Leiv Eiriksson då han siglde langs den nordamerikanske nordaustkysten kring år 1000.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Markland». Store norske leksikon. 13. juli 2017. Henta 15. august 2018.