Moritz Hermann von Jacobi
Utsjånad
Moritz Hermann von Jacobi (21. september 1801–10. mars 1874) var ein tysk fysikar og bror av Carl Gustav Jacob Jacobi.
Han var professor i byggkunst ved universitetet i Dorpat i 1835, men i 1837 vart han kalla til akademiet i St. Petersburg. Han fann opp galvanoplastikken og eit galvanisk element. I 1839 bygde han ein båt med ein motor som var drive av straum frå eit galvanisk batteri.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Moritz Hermann Von Jacobi. (2009, 14. februar). I Store norske leksikon. Henta 8. november 2013 frå http://snl.no/Moritz_hermann_von_jacobi.