Moss kommune
Moss kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Østfold | ||
Adm.senter | Moss | ||
Areal | 137,77 km² | ||
• land | 128,08 km² | ||
• vatn | 9,69 km² | ||
Folketal | 52 051 (1. januar 2024) | ||
Målform | nøytral | ||
Ordførar | Simen Nord (H) | ||
Kommunenr. | 3103 | ||
Moss kommune 59°26′03″N 10°39′28″E / 59.43403°N 10.65771°E | |||
Kart som viser Moss kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Moss, Norway | |||
Nettstad: www.moss.kommune.no |
Moss kommune er ein kommune i Østfold fylke, som grensar i aust til Våler kommune, i sør til Råde kommune, og i nord til Vestby kommune. Kommunen omfattar Jeløy, fastlandet mellom Vansjø og Mossesundet, og den store Dillingøya i Vansjø. Moss kommune blei først slått saman med Jeløy i 1943, og fekk sine nåverande grenser i samband med kommunereforma 2020 då Moss kommune blei slått saman med tidlegare Rygge.[1] Med det fekk kommunen utvida flatevidda frå 63 til 138 km².[2]
Administrasjonssenteret i kommunen er byen Moss. Bysenteret ligg på fastlandet, ved Kanalen som bind Mossesundet saman med Værlebukta. Folkemengda er konsentrert til områda like rundt bykjernen og søre Jeløy. Sjølve tettstaden Moss (49 428 innbyggjarar per 1. januar 2023) strekker seg søraustover og inn i området åt den tidlegare Rygge kommune.
Samferdsel
[endre | endre wikiteksten]Gjennom Moss går den vestre linja til Østfoldbanen. E 6 (Oslo–Svinesund) går som motorveg aust for bysenteret. Riksveg 19 fører frå E 18 på vestsida av Oslofjorden via ferje Horten–Moss austover til E 6. Fylkesveg 120 fører frå E 6 nordaustover til Våler, Hobøl og Lillestrøm. Fylkesveg 119 går sørover langs kysten til Larkollen i Rygge og fylkesveg 118 mot søraust på Raet til Ryggebyen. Det er fastbru over kanalen mellom Mossesundet og Værlebukta til Jeløy.
Næringsliv
[endre | endre wikiteksten]Moss er ein viktig industrikommune og eit viktig handelssenter. Viktige bransjar er verkstadindustri, treforedling, produksjon av gummi- og plastprodukt, ikkje-metallhaldige mineralprodukt og næringsmiddelindustri, mellom anna Regal Mølle, Moss Aktiebryggeri og Felleskjøpet Østlandet. Det er relativt avgrensa jordbruk, men hagebruket er viktig, spesielt på Jeløy og i sørlege delar på fastlandet. Særleg sterkt står dyrking av grønsaker. Mosseelva er bygd ut med 1,9 MW.
Den einaste lokalavisa i kommunen er dagsavisa Moss Avis. Moss Dagblad er lagt ned og kom ut siste gong 31. mars 2009.
Kommunevåpenet
[endre | endre wikiteksten]Kommunevåpenet blei godkjent i 1954 og har ei gull kråke mot ein raud bakgrunn. Motivet spelar på kallenamnet på innbyggarane i byen, «mossekråker».
Kjende folk frå Moss
[endre | endre wikiteksten]- Jon Michelet (1944–2018), forfattar
- Eyvind Hellstrøm (f. 1948), gourmetkokk og programleiar
- Jonny Halberg (f. 1962), forfattar
- Erland Johnsen (f. 1967), fotballtrenar og tidlegare fotballspelar
- Geir Moen (f. 1969), friidrettsutøvar
- Ari Behn (1972–2019), forfattar, gift med prinsesse Märtha Louise.
- Thomas Myhre (f. 1973), fotballspelar
- Agnar Lirhus (f. 1978), forfattar og musikar
- Amin Askar (f. 1985), fotballspelar
- Hanna Paulsberg (f. 1987), musikar, jazzsaksofonist
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]«Moss» av Geir Thorsnæs / Kunnskapsforlagets papirleksikon i Store norske leksikon, snl.no.
- ↑ «Endringer i de regionale inndelingene». Statistisk sentralbyrå. 17. januar 2020. Henta 8. mars 2020.
- ↑ «Arealstatistikk for Norge». Kartverket. 20. desember 2019. Henta 8. mars 2020.