P.W. Botha
P.W. Botha | |||
| |||
Fødd | 12. januar 1916 Paul Roux | ||
---|---|---|---|
Død | 31. oktober 2006 (90 år) | ||
Statsborgar av | Sør-Afrika | ||
Yrke | politikar | ||
Utdanna ved | University of the Free State Bethlehem Voortrekker High School | ||
Mor | Hendrina Christina de Wet | ||
Far | Pieter Willem Botha | ||
Ektefelle | Anna Elizabeth Botha | ||
Alle verv |
Pieter Willem Botha (12. januar 1916–31. oktober 2006), til vanleg omtala P.W. Botha, var statsleiar i Sør-Afrika frå 1978 til 1989. Han var statsminister frå 1978 til 1984 og frå 1984 til -89 den fyrste presidenten i landet med utøvande makt.
Botha vart vald inn i nasjonalforsamlinga i 1948, der han markerte seg som ein skarp motstandar av fleirtalsstyre. Han kom til makta etter omfattande demonstrasjonar mot apartheid-politikken. Enkelte små politiske reformer stagga det svarte folkefleirtalet lite, og Botha vidareførte eit hardstyre der regjeringa og andre statsmakter gjorde seg skuldige i vald mot menneskerettane. Etter eit slagtilfelle trekte Botha seg som leiar av Nasjonalistpartiet i februar 1989. Seks månader seinare vart han også tvinga til å forlate presidentstolen.
Ved 1992-valet gjekk Botha mot etterfylgjaren, president F.W. de Klerk, og dreiv valkamp for framhaldande apartheid-styre. Han fordømde De Klerk-regjeringa som uansvarleg ved å opne døra til fleirtalsstyre. I 1998 nekta Botha å vitne til Sannings-kommisjonen, noko han vart bøtelagd for og dømd til betinga fengsel for brot på menneskerettane.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «P. W. Botha» frå Wikipedia på engelsk, den 22. november 2018.