Paul Pena
Utsjånad
Paul Pena | |||
Fødd | 26. januar 1950 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Hyannis i Massachusetts i USA | ||
Død | 1. oktober 2005 (55 år) | ||
Dødsstad | San Francisco i California i USA | ||
Fødenamn | Paul Jerrod Pena | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1960-åra til 1974, 1995–2005 | ||
Sjanger | Rock, pop, bluesrock, psykedelisk rock, strupesong | ||
Instrument | Vokal, gitar | ||
Plateselskap | Capitol, Hybrid | ||
Verka som | Singer-låtskrivar, musikar |
Paul Jerrod Pena (26. januar 1950–1. oktober 2005) var ein USA-amerikansk songar, låtskrivar og gitarist, med avstemming frå Kapp Verde.
Musikken hans frå den første halvdelen av karrieren var innom deltablues, jazz, morna, flamenco, folk og rock and roll. Pena er truleg mest kjend for å ha skrive songen «Jet Airliner», som vart ein stor hit for Steve Miller Band i 1977. Han var med i dokumentarfilmen Genghis Blues i 1999, der han synte seg som ein dugande strupesongar.
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]Studioalbum
[endre | endre wikiteksten]- Paul Pena, gjeve ut i 1972 på Capitol Records
- New Train, spelt inn i 1973, gjeve ut i 2000 på Hybrid Recordings
- Deep in the Heart of Tuva: Cowboy Music From the Wild East, (ymse artistar) gjeve ut i 1996 på Ellipsis Arts
- Genghis Blues, først gjeve ut i 1996 på TuvaMuch Records
Filmar
[endre | endre wikiteksten]- Genghis Blues, gjeve ut i 1999
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Paul Pena» frå Wikipedia på engelsk, den 27. september 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: