Simon Leinum
Simon Leinum | |||
| |||
Fødd | 11. april 1868 | ||
---|---|---|---|
Død | 1. mai 1967 (99 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Venstre | ||
Yrke | politikar, bonde | ||
Alle verv |
|
Simon Olsson Leinum (11. april 1868–1. mai 1967) var ein gardbrukar og politikar frå Leinstrand i Sør-Trøndelag. Han representerte partiet Venstre på Stortinget frå 1928 til 1936.
Leinum gjekk amtsskulen og seinare underoffisersskulen i Trondheim, tok avskjed frå Forsvaret som fanejunker i 1925. Frå 1896 dreiv han farsgarden Leinum på Leinstrand. Han var styreformann fleire private og offentlege tiltak; i Sør-Trøndelag Landbruksselskap 1919–32, i overstyret for landbruksskulane i Sør-Trøndelag 1913–41 og 1945–46, i Felleskjøpet i Trondheim frå 1924, og i Bøndernes Bank si avdeling i Trondheim frå 1925.
Leinum var medlem av Leinstrand heradsstyre frå 1899, ordførar 1902–22 og 1926–28. I periodane 1917–22 og 1926–28 fungerte han også som leiar av fylkestinget i Sør-Trøndelag. Han var formann i Sør-Trøndelag Venstrelag 1920–35.
Den 24. august 1929 rykte Leinum inn på fast plass i Stortinget frå Sør-Trøndelag, då den valde representanten Johan Stinessen hadde døydd. Sesjonane 1929 og -30 var han medlem av post- og telegrafkomiteen. Dei neste to stortingperiodane var han høvesvis medlem av lovkomitéen 1931-33 og protokollkomitéen 1934-36.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Stortingsbiografi Arkivert 2015-11-21 ved Wayback Machine.