United States Military Academy
U.S. Military Academy (USMA), òg kjent som West Point, er krigsskulen i den amerikanske hæren, grunnlagt i 1802. Skulen sin campus ligg ved Hudson River i West Point i New York og dekker eit område på heile 65 km², som inkluderer eit skianlegg, ein liten atomreaktor og eit artilleriskytefelt, i tillegg til dei vanlege akademiske bygningane.
USMA utdannar offiserar til den amerikanske hæren. Det er 4231 kadettar ved USMA i 2006. Elevane, kalla kadettar, blir tildelt ein Bachelorgrad i Science og blir utskrive som fenrik i hæren. Dei forpliktar seg til minst den aktiv tenesta i fem år og tre år i arméreserven. Målet til USMA er å utvikle kadettar i fire vitale område: intellektuelt, fysisk, militært og moral-etikk. Denne fire år lange utdanninga blir kalla «West Point-opplevinga». Dei etiske fundamenta til koda ved West Point er mottoet til universitetet: «Plikt, ære, fedreland».
Kadettane utviklar det etiske verdet sitt på skulen ved å forplikte seg til å følgje «Cadet Honor Code», utvikla av den første leiaren av skulen etter andre verdskrigen, Maxwell D. Taylor, og som seier: «Ein kadett skal ikkje lyge, jukse, stele eller tolerere dei som gjer det.» Dei over 4000 kadettane ved USMA representerer kvar enkelt stat og fleire andre land. Omtrent 1200 nye kadettar kjem til universitetet på Reception Day (Graduation).
Etter US Military Academy kan offiserar kvalifisere seg til Hærens Stabsskule, og deretter til US Army War College i Pennsylvania.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]- US Army War College
- National War College
- US Naval Academy
- Naval War College
- US Air Force Academy
- Air War College