Charles Thomson Rees Wilson
Charles Thomson Rees Wilson | |||
| |||
Fødd | 14. februar 1869 Glencorse | ||
---|---|---|---|
Død | 15. november 1959 Carlops | ||
Nasjonalitet | Storbritannia, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland | ||
Område | fysikk, meteorologi | ||
Yrke | fysikar, meteorolog, universitetslærar, kjemikar, reisende lærd | ||
Institusjonar | Cavendish Laboratory University of Cambridge | ||
Alma mater | University of Manchester University of Cambridge Sidney Sussex College Bradford Grammar School | ||
Doktorgradsrettleiar | J.J. Thomson | ||
Ektefelle | Jessie Fraser | ||
Medlem | Royal Society |
Nobelprisen i fysikk
1927
Charles Thomson Rees Wilson (14. februar 1869–15. november 1959) var ein skotsk fysikar og kjemikar. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1927 for metoden hans å gjere banane til elektrisk ladde partiklar synlege ved hjelp av kondensasjon av damp. Han delte prisen med Arthur Holly Compton som fekk prisen for oppdaginga av comptoneffekten.
Etter at faren hans døydde i 1873, flytta familien til Manchester. Wilson vart utdanna ved Owen's College der han studerte biologi for å bli lege. Han flytta så til Sidney Sussex College i Cambridge, der han vart interessert i fysikk og kjemi. Etter dette vart Wilson spesielt interessert i meteorologi, og i 1893 byrja han å studere skyer og eigenskapane deira. For ei tid jobba han ved observatoriumet ved Ben Nevis, der han utførte observasjonar av skyformasjonar. Han freista så å reprodusere desse effektane i ein mindre skala ved å utvide fuktig luft i ein forsegla behaldar ved laboratoriet i Cambridge. Seinare eksperimenterte han med å skape spor av skyer årsaka av ion og stråling. For oppfinninga av tåkekammeret vart han tildelt Nobelprisen i 1927.
I 1908 gifta Wilson seg med Jessie Frasar i 1908, dotter av ein prest frå Glasgow, og paret hadde fire born. Han døydde i nærleiken av Edinburgh, omgjeven av familien sin.
Priser og utmerkingar
[endre | endre wikiteksten](utval)
- 1935 – Copleymedaljen
- 1927 – Nobelprisen i fysikk
- 1911 – Hughesmedaljen
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Charles Thomson Rees Wilson» frå Wikipedia på bokmål, den 2. august 2011.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- «Nobelprisen i fysikk 1927» (på engelsk). Nobelprize.org. Henta 2. august 2011.</ref>
- «Wilson, Charles Thomson Rees» (på engelsk). Henta 2. august 2011.</ref>