Gabriel Lippmann
Gabriel Lippmann | |||
Gabriel Lippmann | |||
Fødd | 16. august 1845 Bonnevoie i Luxembourg | ||
---|---|---|---|
Død | 13. juli 1921 (75 år) SS «France», Atlanterhavet | ||
Nasjonalitet | Fransk–luxembourgsk | ||
Område | fysikk, fotografi | ||
Yrke | Fysikar | ||
Institusjonar | Sorbonne | ||
Alma mater | École Normale | ||
Doktorgradsrettleiar | Gustav Kirchhoff Hermann von Helmholtz | ||
Utmerkingar | Nobelprisen i fysikk (1908) | ||
Ektefelle | Laurence Lippmann | ||
Medlem | Royal Society Société philomathique de Paris Det franske vitskapsakademiet Vitskapsakademiet i St. Petersburg Det russiske vitskapsakademiet Det prøyssiske vitskapsakademiet Fédération photographique de France Accademia delle Scienze di Torino Astronomical Society of France |
Nobelprisen i fysikk
1908
Gabriel Jonas Lippmann (16. august 1845–13. juli 1921) var ein fransk–luxembourgsk fysikar og Nobelprisvinnar. I 1883 vart han professor i matematisk fysikk ved Sorbonne i Paris, og i 1886 i eksperimentell fysikk.
Lippmann arbeidde mellom anna med undersøkingar av elektrolytisk polarisasjon og absolutte avgjersler av eininga ohm for resistans. Han fann opp ein direkte metode for fargefotografi i 1891, som ikkje fekk praktisk bruk. Denne metoden bygde på interferens mellom ljoset som fall direkte inn på ein film, og ljoset som vart reflektert frå ein spegl bak filmen. Interferensbiletet som oppstad var avhengig av bølgjelengda til ljoset. Ved belysning etter at filmen var framkalt, ville fargane i det ljoset som han var eksponert med, bli attgjeve. Metoden er omtrent den same som i dag blir nytta i holografi. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1908 for denne oppfinninga
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Gabriel Lippmann» frå Wikipedia på bokmål, den 20. februar 2012.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Einskildmenn
- Fødde i 1845
- Døde i 1921
- Franske fysikarar
- Franske nobelprisvinnarar
- Jødiske nobelprisvinnarar
- Nobelprisen i fysikk
- Folk frå byen Luxembourg
- Eksperimentelle fysikarar
- Fysikarar på 1800-talet
- Fysikarar på 1900-talet
- Medlemmar av Royal Society
- Luxembourgske nobelprisvinnarar
- Luxembourgske oppfinnarar
- Luxembourgske fysikarar
- Folk som døydde til sjøs
- Franske jødar
- Jødiske fysikarar
- Jødiske oppfinnarar