Gypsy Roadhog
Gypsy Roadhog Singel av Slade frå albumet Whatever Happened to Slade | ||
B-side |
Forest Full of Needles | |
---|---|---|
Utgjeve | 21. januar 1977 | |
Sjanger | Glamrock, hardrock | |
Lengd | 3:20 | |
Selskap | Barn | |
Låtskrivar(ar) | Noddy Holder, Jim Lea | |
Produsent | Chas Chandler | |
Slade-kronologi | ||
«Nobody's Fool» (1976) |
Gypsy Roadhog | «Burning in the Heat of Love» (1977)
|
«Gypsy Roadhog» er ein song av det britiske rockebandet Slade, gjeven ut i 1977 som den einaste singelen frå det syttande studioalbumet deira, Whatever Happened to Slade. Han var skriven av solovokalisten Noddy Holder og bassisten Jim Lea, og produsert av Chas Chandler. Singelen nådde 48. plassen på den britiske singellista.[1]
Etter at dei hadde framført songen på barne-TV-showet Blue Peter kom det klagar på teksten i songen, og BBC fjerna songen frå spelelista si.[2] Songen nådde dermed ikkje høgare enn 48. plassen på singellista og låg berre to veker inne på lista. Då Whatever Happened to Slade kom ut i mars gjekk det ikkje inn på albumlista i det heile.[3]
Songen handlar om ein kokainlangar i Amerika, men var i følgje Holder ein anti-dop-song.[4] Singelen var den første til Slade som kom ut på Barn, eit selskap eigd av manageren deira, Chas Chandler.[5] B-sida til singelen var «Forest Full of Needles», som var eksklusiv for singelen og som seinare kom ut på samleplata B-Sides i 2007.
Bandet framførte songen på Top of the Pops, Supersonic og Blue Peter.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]- 7"-singel
- «Gypsy Roadhog» - 3:20
- «Forest Full of Needles» - 3:30
Salslister
[endre | endre wikiteksten]Liste (1977) | Plassering |
---|---|
UK Singles Chart[1] | 48 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Slade
- Noddy Holder - solovokal, rytmegitar
- Dave Hill - sologitar, korvokal
- Jim Lea - bass, korvokal
- Don Powell - trommer
- Andre medverkande
- Chas Chandler - produsent
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Gypsy Roadhog» frå Wikipedia på engelsk, den 13. oktober 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 «SLADE | full Official Chart History | Official Charts Company». Officialcharts.com. Henta 13. oktober 2021.
- ↑ Powell, Don; Falkenberg, Lise Lyng (11. oktober 2013). Look Wot I Dun: Don Powell of Slade. ISBN 9781783230006.
- ↑ Whatever Happened to Slade - Salvo 2007 remaster booklet liner notes
- ↑ «Noddy Holder Interview - Sky By Day 1989». YouTube. 10. januar 2011. Henta 13. oktober 2021.
- ↑ «Barn Label Diskografi - UK». 45cat. Henta 7. oktober 2021.