Percy's Song
«Percy's Song» er ein song skriven av Bob Dylan. Han vart spelt inn under innspelinga av det tredje albumet hans, The Times They Are A-Changing i 1963, men ikkje nytta. Han vart ikkje offisielt gjeven ut før i 1985 på samlealbumet Biograph. I merknadane for albumet tilskriv Dylan den «vakre melodien» til Paul Clayton "[1][2][3] Han hadde spelt «The Wind and the Rain», ein variant av «The Twa Sisters».[4]
Dylan skreiv songen frå forteljaren sitt synspunkt.[1] Songen omhandlar ei bilulukke og ein mann dømd for uaktsamt drap og 99 år i Joliet fengsel. Forteljaren bed dommaren om å gjere om straffa til den dømde venen, fordi han meiner straffa er for streng. Dommen vert derimot ståande.
Joan Baez speler «Percy's Song» i filmen Don't Look Back.[5]
Songen finst òg på The Genuine Bootleg Series: the Third One Now
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]- Fairport Convention, Unhalfbricking (1969)
- Arlo Guthrie, Washington County (1970)
- Dave Waite & Marianne Segal, Paper Flowers (1968)
- Michael Moore, Jewels & Binoculars: the Songs of Bob Dylan
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Percy's Song» frå Wikipedia på engelsk, den 26. januar 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Bob Dylan, sitert i plateomslaget til Biograph, Columbia Records, 1985.
- ↑ Keys to the rain: the definitive Bob Dylan encyclopedia, Oliver Trager, Billboard Books, 2004, ISBN 9780823079742
- ↑ The formative Dylan: transmission and stylistic influences, 1961-1963, Todd Harvey, Scarecrow Press, 2001, ISBN 9780810841154
- ↑ «If There's an Original Thought Out There, I Could Use It Right Now: the Folk Roots of Bob Dylan», Matthew Zuckerman, 1997. [1], #14
- ↑ Bob Dylan: a descriptive, critical discography and filmography, 1961-1993, John Nogowski, McFarland, 1994 ISBN 9780899507859
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Teksten Arkivert 2008-07-04 ved Wayback Machine.