Sarah McTernan
Sarah McTernan | |||
| |||
Fødd | 11. mars 1994 (30 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Scarriff | ||
Fødenamn | Sarah McTernan | ||
Opphav | Irland | ||
Aktiv | 2014– | ||
Sjanger | pop | ||
Instrument | vokal, gitar, piano | ||
Verka som | songar, komponist |
Sarah McTernan (fødd 11. mars 1994 i County Clare) er ein irsk songar og låtskrivar, best kjend for å ha vorte nummer tre i fjerde sesong av The Voice of Ireland i april 2015. McTernan representerte Irland i Eurovision Song Contest 2019 med songen «22».[1]
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]McTernan vaks opp som einebarn i landsbyen Scarriff i grevskapet Clare, midt i Irland. Etter at ho fullførte vidaregåande i 2011, tok ho hjelpepleiarkurs i Ennis i Clare. Sidan studerte ho musikkteknologi ved Limerick Institute of Technology. I 2014 tok ho ein pause frå utdanninga for å jobba, men studerte seinare stemme og dans ved Universitetet i Limerick. McTernan spelar gitar, piano, ukulele og tinnfløyte.[2]
I november 2014 gjekk ho vidare frå «blind auditions»-rundane i The Voice of Ireland. Ho hadde aldri gjort ein konsert før, og for å få meir erfaring, sette ho saman eit band kalla The JEDS. I tillegg til McTernan, bestod bandet av gitaristen Dwayne Mann, trommisen John Moroney og bassisten Declan Larkin.
I The Voice of Ireland song ho «Who You Are» på auditionen, og alle fire dommarane snudde stolen. Ho valde å gå inn på laget til Rachel Stevens frå S Club 7. Til slutt enda ho på ein tredjeplass i tevlinga. I 2017 og 2018 var McTernan ein av deltakarane i den sanmarinske tevlinga 1in360 for å finne den sanmarinske representanten til Eurovision Song Contest.[3]
8. mars 2019 kunngjorde den irske kringkastaren RTÉ at McTernan skulle representere Irland i Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel. Ho deltok i den andre semifinalen med songen «22», men kvalifiserte ikkje seg til finalen.[4]
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Daly, Adam. «This Co Clare singer will represent Ireland in the Eurovision in Israel» (på engelsk). Henta 9. mars 2019.
- ↑ «Sarah McTernan - Eurovision Song Contest Tel Aviv 2019». EBU. 8. mars 2019. Henta 9. mars 2019.
- ↑ Andrew Hamilton (10. november 2017). «Sarah set to sing a song for San Marino in Eurovision» (på engelsk). Arkivert frå originalen 30. april 2019. Henta 9. mars 2019.
- ↑ «Second Semi-Final: Last 10 acts qualify for Eurovision 2019 Grand Final». EBU. 16. mai 2019. Henta 17. mai 2019.
- Denne artikkelen bygger på «Sarah McTernan» frå Wikipedia på bokmål, den 18. november 2021.